Velkomen på cup!

Postet av Skogsvåg IL den 29. Okt 2016

Spekkhoggarcup 25 år: Kampoppsett

12.–13. november 2016 – Skogsvåg Stadion

Skogsvåg Idrettslag har heilt sidan 1991 invitert jenter og gutar på fotballcup på Skogsvåg Stadion. Vi vil i år feire at Spekkhoggarcup fyller 25 år ved å slå litt ekstra på stortromma!

Det var planlagt å ha Spekkhoggarcup i september i år for å garantere betre vær og fleire moglegheiter utandørs, men grunna få påmeldte har vi flytta turneringa tilbake til «vanleg» tidspunkt. Vi har sidan 1991 arrangert cupen etter serien, og i år er dermed intet unntak.

November er ei fin tid for fotball. Det kan likevel bli kjølig for både barn og vaksne å stå ute i mange timar. Vi har derfor stor varmestove og kafé inne i Sundhallen like ved stadion.

I Sundhallen vil det også gå føre seg eit storstillt premieutdelingsshow. På stadion og i Sundhallen vil det også vere fleire typar aktivitetar for store og små mellom kampane, spesielt i høve vårt 25-årsjubileum.

Dei seinaste åra har vi hatt deltakarar frå heile Hordaland. Kampane har vore jamne og Fair Play har stått i fokus.

Kampoppsett finn du her.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.