SØLV TIL SMÅJENTENE!

Postet av Skogsvåg IL den 23. Jul 2015




Skogsvåg IL småjenter tok heim den gjeve sølvmedaljen fra Vestlandets største cup for damer og jenter, Åsane-cupen.

Våre småjenter kom heim med sølv frå Åsane søndag, og det var fullt fortjent. I finalen vart Søfteland for sterke, der våre jenter tapte 2-8. Etter ein forrykande førsteomgang var det lite Skogsvåg kunne gjere med balltekniske, hurtige og gode Søftelands-jenter. I 2. omgang vart det jevnere og jentene våre leverte mykje betre og fekk uttelling to gonger på to flotte angrep. Jentene kom meir med i kampen, klarte å handle betre med raske kantspillere og markeringene vart mykje betre. I tillegg satt pasningene meir der dei skulle. Alt i alt var seieren til Søfteland vel fortjent, men vi er utrulig stolt av våre jenter med tanke på kor stor denne cupen er og kor mange lag som er med i denne klassen. Igjen viser Skogsvåg at det ikkje berre er guttelaga som markerer seg, og at jentene våre viser seg å være vanskelige å slå. No er kampsesongen over, men me ser frem til vinterens turnering i Kiwi-cupen i Sundhallen.


04.11.2007 20:00


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.