Berre nesten mot Kjøkkelvik

Postet av Skogsvåg IL den 26. Feb 2016

Det var ein spelesugen gjeng som tok i mot Kjøkkelvik torsdag kveld på Skogsvåg stadion. Skogsvåg fekk ein kjempestart og leda 2-0 etter berre 2 min og 20 sek.

Men der stoppa det, og Kjøkkelvik kom seg med i kampen. Kjøkkelvik leda 3-2 til pause.

I andreomgang gjer Skogsvåg det betre, og får ein redusering til 3-3 tidlig i omgangen. Laget auka raskt med 4 og 5 mål, og stillinga er 5-3.

Kjøkkelvik har ikkje dei store sjansane fram til overtida begynner. Då klarar dei å krangle inn to mål, og tar dermed med seg eitt poeng.

Ingvar fant nettmaskene heile tre gongar, og Øyvind scora to.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.