Poeng på ein dårlig dag

Postet av Skogsvåg IL den 29. Mai 2016

Det var ei regntung bane som møtte oss i Eidsvåg. Dette har tidligare vore ei bane vi ikkje har likt oss på, mykje pga. den små størrelsen.

Me hadde som kampplan å fortsette i samme sporet som mot Tertnes, noko vi overhode ikkje klarte. Mykje balltap og dårlig kommunikasjon prega førsteomgang.

Eidsvåg kjørte omgangen og skårte ein gong. Dei hadde mange store sjanser til å setta fleire, men heldigvis stod det kun 1-0 til pause.

I andre omgang hadde vi mykje å ta tak i.

Vi åpner andre omgang i høgt tempo. Vi kjem til fleire sjanser, og burde hatt ein straffe heilt i starten, men dommaren var ikkje enig.

Etter litt fanger Øyvind ballen på midten og setter fart. Han dribler fem mann før den blir satt rolig i hjørnet: 1-1.

Vi kjører på, men skaper ikkje dei heilt store sjansene. Kampen ebber ut til 1-1. Det er eit greit resultat med tanke på ein svak førsteomgang.


Positivt i dag:

  • Vi klarar å heva oss mange hakk frå første til andre omgang
  • Raidet til Øyvind



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.