Spekkhoggarcup 25 år

Postet av Skogsvåg IL den 12. Apr 2016

3.–4. september 2016 – Skogsvåg Stadion

Skogsvåg Idrettslag har heilt sidan 1991 invitert jenter og gutar på fotballcup på Skogsvåg Stadion. Vi vil i år feire at Spekkhoggarcup fyller 25 år ved å slå litt ekstra på stortromma!

Turneringa blir i år flytta til tidlig på hausten, nærare bestemt 3.–4. september. Dei siste åra har bydd på både snø, kor Ivar Emil har måkt bana med traktor til langt på kveld, ekstremvind som blåste måla over ende, men også strålande sol. Ved å flytte turneringa til september håpar vi på å kunne vere litt sikrare på fint vær!

På stadion vil det vere ulike aktivitetar for både store og små, og vi vil tilby eit rikare utval av mat enn tidlegare.

Nokon som har ein slik heime frå 1991?

Planlegginga er framleis i oppstartfasen, så dersom det er nokon som vil bidra med noko, anten det er sponsing, dugnadshjelp, vere dommar, stå i kiosk, hoppeslott eller premier så er det berre til å ta kontakt med cupskogsvaag@gmail.com.



KLASSAR
Reine klassar: Gutar og jenter 7–12 år (Fødde mellom 2009–2004).
Mix-klasse: 6 år (fødde 2010) for nyoppretta lag.

OBS! Merk at vi opererar med årsklasse og ikkje alder. Jenter 06 er ikkje jenter 6 år, men født i 2006.

5ar: 2010–2006
7ar: 2005–2004

PÅMELDING
Meld laget ditt på via Profixio på nettet. Trykk her for å melde på lag.

Påmeldingsfristen er 10. august.


PÅMELDINGSAVGIFT
650,-. Di påmelding er gyldig først når påmeldingsavgifta er betalt.



Send gjerne denne invitasjonen til andre lag i klubben din.

Spørsmål kan stillast til cupskogsvaag@gmail.com


Sportslig helsing frå Skogsvåg Idettslag


1 Kommentar

Kommentarer

— Guest