Mix 2011: Lagspel og lek på trening

Postet av Skogsvåg IL den 31. Aug 2017


Skogsvåg Mix 2011 har trent sammen siden februar i år. Vi er fleire foreldre som deltar på trening, Cindy, Janne og Roger, men andre er også med og hjelper til dersom det trengs. Antall spelarar på trening varierer mellom 8-13, og etter skulestart er det begynt enda fleire på laget.

Treninga startar med oppvarming, og etterpå trener dei på pasning–mottak. Dei øver også på å skyte på mål og på å vere keeper. Noko som vi bruker mykje tid på er å trene på å spele på lag, samarbeid og pasningar i laget. Vi ser stor forskjell på dei første treningane til no. Jentene og guttane konsentrerer seg bedre om det som skjer, samarbeider bra og hjelper kvarandre i spelet.

På siste trening før sommarferien avslutta vi treninga med kake som Janne hadde bakt. Det synes alle var kjekt.

Vi synes det er viktig at jentene og guttane har det kjekt når dei spelar fotball, og vi avslutter gjerne med ein lek.

Alle nye fotballspelarar er velkomen på trening med oss. Vi trenar kvar tirsdag kl. 17.30–18.30.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.