Aller første treerturnering

Postet av Skogsvåg IL den 16. Sep 2017

I dag var det endelig vår tur til å ha Mix 2010 mini-turnering.

Mix 2010-klassen spelar ikkje vanleg serie slik som alle dei andre laga våre, men deltar på mini-turneringar i helgene kor det blir spelt fleire kampar same dag. Turneringane blir halde hos dei ulike klubbane på Sotra.

Laga spelar tre mot tre på baner på 10 x 15 meter og på mål som er kun éin meter breie. Denne spelforma for 6–7-åringane er vedtatt av NFF. Dette skriver NFF om kvifor 3-arfotball er innført for dei aller yngste:

Vi spiller treerfotball i denne aldersgruppen fordi denne spillformen er bedre tilpasset spillernes modenhet – både i hodet og i beina. I treerfotballen er man alltid involvert fordi ballen aldri er så langt unna at man mister kontakten med spillet. Spillerne i denne aldersgruppen vil føle seg mer delaktig og oftere oppleve mestring i treerfotball sammenlignet med femmerfotball. Gjennom mer ballkontakt og hyppigere mestringsopplevelse blir aktiviteten morsommere og mer utviklende for barna.

Vi var kjempeheldige med været, alt gjekk knirkefritt og det blei spelt mykje gøy fotball på dei fem små banene. Totalt 30 lag frå heile Sotra og Øygarden deltok på turneringa. I kiosken hadde vi to flinke kioskjenter, og vi hadde med oss fem dyktige dommarar som dømte kampar tre timar i strekk.

Vi må spesielt gi ein stor takk til Sund SK for lån av baner!

Last gjerne opp dine bilder frå dagen her.





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.