Velkomen på fotballfest!

Postet av Skogsvåg IL den 18. Okt 2017

Vi inviterer til fotballfest for alle lag i barnefotballen (6–12 år), lørdag 4. november i Vaagheim. 

Tradisjonen tro blir det først mat og drikke til alle saman, og deretter go´foten-konkurranse. Vi deler så ut premie til alle som har spelt fotball eller vore trenar denne sesongen, og premier til vinnarane av go´foten-konkurransen. Til slutt avsluttar vi med diskotek og god dansemusikk.

Festen går føre seg i Skogsvåg Ungdomshus, Vaagheim som ligger rett nedanfor Skogsvåg Stadion. Kjør forbi innkjørselen til bana og skulen, og så vidare mot Sangolt og Klokkarvik.

Vi er glade for alle voksne som vil hjelpe til med bakst og med å gjere klart og å rydde opp igjen etterpå. Foreldrekontaktane sørger for at det er representantar for kvart lag med både før, under og etter festen. Vi prøver å ordne det slik at dei som bidrar med bakst ikkje treng vere med å hjelpe til.

Håpar alle vil komme!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.