Planar for Skogsvåg stadion og området rundt

Postet av Skogsvåg IL den 16. Nov 2017

Idrettslaget har i mange år arbeidd med planar for utvikling av Skogsvåg Stadion og området rundt.


Vi har presentert våre planar for Sund Idrettsråd, og dei stiller seg bak planane våre og gir si sterke anbefaling til Sund Kommune om å få dei gjennomført.

I desse planane er blant anna nytt klubbhuset inkludert, og bygginga av det er jo allereie godt i gang. Vi reknar med å begynne å reise bygget i neste veke.

Den nye storkommunen

Ambisjonane frå idrettsrådet i den nye storkommunen på Sotra er klare:

«Dei største anlegga/idrettsparkar bør vere på Straume, Ågotnes, Skogsvåg og Rong, og her må ein verte einige om kva som skal vere på dei ulike stadane. Vi treng til dømes ikkje fleire store friidrettsanlegg i den nye kommunen, eit kan vere nok»

Idrettsrådet i Sund Kommune kjem med ein sterk anbefaling til Sund Kommune om at Skogsvåg ILs visjon blir løfta fram inn i vår nye kommune.

Byggeplan

Det er planlagt fire byggetrinn.

Byggetrinn 1

Utvikle gbnr. 47/50 og gbnr. 50/7 sør-vest for eksisterande friidretts- og fotballområde til nye treningsområder, parkering og vegareal.

Byggetrinnet inkluderer også utviding av eksisterande løpebane frå seks til åtte baner, samt tribuneanlegg vest for eksisterande friidretts- og ballarena og nytt klubbhus.

Det nye klubbhuset er under bygging.


Byggetrinn 2

Byggetrinn 2 går ut på å planere ut området gbnr. 50/4, 211 for å tilrettelegge for svømmearena og parkeringsplass, etablere T-kryss og fortau vis a vis eksisterande parkeringsplass til Sotra videregående skule avd. Sund. Parkeringsanlegget kan utviklast i takt med behovet.

All planering av bnr. 4 og 211 bør gjerast i byggetrinn 2 for å unngå fremtidige tyngre entreprenørarbeid og ulemper dette vil medføre for bruk, støy, sikkerhet og drift av området.

Slik ser området ut i dag.

Området ferdig utbygd.


Byggetrinn 3

Utvikling av innendørs fotballarena nord-aust på bnr. 4 og 211, med tilhørande infrastruktur.



Byggetrinn 4

Utvikling av innandørs friidrettsarena sør-vest på bnr. 4, med tilhørande infrastruktur.

Utvikling av symjehall med 25 m lengde. Det planleggast også med fire meter dybde for å tillate ti meters stupetårn. Det er også planlagt eit lite barnebasseng med 0,7 m dybde.


Symjehall.


Ønska idrettsanlegg.


Turløype

Parallelt med utviklinga av eit nytt idrettsanlegg, ser vi på å lage ei løype frå idrettsanlegget og til Skoge/Skogsskiftet.

Målet med dette er å gi mulighet for ei turløype rundt Skogsvatnet som kan benyttast av alle til tur og rekreasjon. Løypa kan brukast så vel for gåande som for syklande.

Løypa skal leggast mest mulig skånsomt inn i det naturlege terrenget, men noko entreprenørarbeid må beregnast for å få heile turløypa i fornuftig stand.

I dette prosjektet ønskar vi å bruke overskuddsmassene frå byggetrinn 2. Dette gjer at overskuddsmassene ikkje treng å transporterast så langt. Dette meiner vi er ein god synergieffekt.


Grå strek viser turløypa rundt Skogsvatnet.


Løypa oppretthaldar eksisterande badeplass, men legger også til rette for fleire naturlege pause- og utkikspunkt langs løypa. Det er fleire inngangsmuligheter langs løypa.

Løypa vil gi ein alternativ gangveg mellom Skogsskiftet og skule- og idrettsanlegget.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.