Knall start for A-laget.

Postet av Skogsvåg IL den 15. Apr 2018

I dag sparka Skogsvåg/Sund 2 i gang sin sesong, og det blei med ein solid seier. Sund sitt A-lag spelte kamp samtidig, så det var kun Skogsvåg-gutter som reiste den lange turen til Austrheim. 



Austrheim som rykte opp før denne sesongen, er eit lag som satsar og som ønsker å komme seg oppover i systemet. Ein blanding av ungt og gammelt ville sjokkere Skogsvåg i dag, men det klarte dei ikkje!

Kampen i sommervarmen, blei innleia med eit høgt Skogsvåg-press, og Austrheim klarar ikkje å få til spelet sitt og å slå lange ballar i bakrom på ein rask spiss. Etter 20 min kommer betalingen for Skogsvåg. Eit frispark fra Andre (Mini) Børnes finner høgrefoten til Tommy Kallestad som styrer Skogsvåg i ledelsen. 

Kampen fortsetter i samme spor. Austrheim får eit frispark som keeper, Kent Rabben reddar. Dette var den einaste farligheten Austrheim hadde i første omgang. Skogsvåg kjører på, og fem minutt før pause er Mini igjen nest sist på ballen då han fyrer til et skudd som keeper gir retur på, og som Øyvind setter kaldt og rolig i nettet. – Eit viktig mål før pausen. 

Austrheim fekk nok kjeft i pausen, for det var et helt anna lag som kom ut i andre omgang. Skogsvåg blir pressa bakover, men Austrheim får ikkje dei heilt store sjansene, heilt til rundt 65 minutt. Då får Austrheim straffe, og med mål ville det blitt stor spenning. Det ville ikkje Kent. Han går riktig vei og får slått ballen ut til corner. Ein viktig redning!

Litt seinare blir Ingvar spelt gjennom av Øyvind, og gjør ingenting feil og det forløsende 3-0-målet kom. Austrheim slukner og Thomas Bjørkmann får avslutte scoringrekken, og det på en spektakulær måte. Noko som kunne sjå ut som eit innlegg fra 30 meter, nesten på dødlinja (noko Thomas sikkert ikkje mener det var), går i ein fin bue over keeper.

Austrheim har eit par skudd på mål i slutten av kampen, men Kent ville ha smultringen og stoppa det som kom. 

Dette var ein god gjennomført kamp og 4-0 i seriepremieren. Laget har fortsatt mykje mer inne på spelet, men det er sterkt å vinne så solid i ein spelemessig ok kamp.

                        


Austrheim 0 - 4 Skogsvåg

20 min: ⚽️ 0-1: Tommy Kallestad (Mini)
24 min: ⚠️ Gult kort: Tommy Kallestad
41 min: ⚽️ 0-2: Øyvind Nordvik (Mini)
65 min: ❌ Straffebom: Austrheim
73 min: ⚽️ 0-3: Ingvar Vik Nilsen (Øyvind Nordvik)
88 min: ⚽️ 0-4: Thomas Bjørkmann (Tor-Erik Foldnes)

Tilskuere: ca. 120.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.