Jenter 14 klatrar på tabellen

Postet av Skogsvåg IL den 30. Mai 2019

Fornøyde jenter og trenar etter sesongens andre seier. 


Jenter 14 spela i kveld kamp mot Nore Neset 2. SIL/TIL stod med fire poeng før denne kampen. Nore Neset stod med tre, men med to kampar meir spelt. 

Dei første minutta av kampen såg det ut som det skulle bli ein jamn kamp, men Skogsvåg tok meir og meir over og det var ikkje mange gongar bortelaget var over midten i løpet av omgangen. Ein kan skulde på ein kraftig motvind for bortelaget, men Skogsvåg var hakket betre.

Etter 10 min kom Skogsvåg sitt første mål på eit langskudd frå ca. 30 meter. Ti minutt etter kom neste mål, og rett før pause la Skogsvåg på til 3-0. 

Det var fleire på tribunen som lurte på kva Nore Neset sin trenar hadde sagt til dei i pausen, for bortelaget var mykje meir på i starten av andre omgang. Nore Neset hadde fleire fine angrep, og Skogsvåg sin keeper fekk mykje meir å gjere på enn i første omgang. 

Det skulle gå litt tid før Skogsvåg fekk taket på kampen igjen, og midt i omgangen fekk jentene ein straffe, men den gjekk like utanfor. Resten av kampen styrte Skogsvåg, og angrep på angrep jobba dei seg framover, men fekk berre uttelling to gongar. Kampen endar 5-0, eit resultat jentene nok er godt fornøyde med. 

Jentene klatrar med dette opp på tabellen, og ligg no på femteplass med to kampar mindre spelt enn første- og andreplassen.



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline