45 lag, 400 spelarar og eit Kiwi-troll

Postet av Skogsvåg IL den 10. Feb 2015




45 lag, om lag 400 spelarar, mange publikumarar og eit Kiwi-troll tok turen til Sundhallen og Kiwi-cup i helga.


Dette er den 13. gongen Kiwi-cup har blitt arrangert i Sundhallen for jenter og gutar i alderen 6–12 år. 23 timar med fotball og 70 frivillige, var det som skulle til for å få gjennomført enda eit vellukka arrangement.

Kiosken vart betjent av flinke foreldre, som også bidro med bollar og kaker. Tusen takk til alle som kom og stod i kiosken gjennom heile helga.

Fleire av gutane på 2001/2002-laget dømte sine aller fyrste kampar denne helga. Dei gjorde ein solid jobb, og mottok gode tilbakemeldingar både frå trenarar og andre tilreisande.

Det vart scora mange mål under cupen. Ein av målscorarane var fire (snart fem) år gamle David. Han spelar på G/J 2008, og var svært fornøyd med å få vera med på cup.


Tusen takk til alle som bidro. Vi hadde ikkje klart det utan dykk!









Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.