G02/03: Seier mot Masfjord/Gulen

Postet av Skogsvåg IL den 25. Apr 2015





Laget som i dag spelte kamp, består av 02 og 03-gutar. Dei spelar 7ar, og i dag møtte dei Masfjord/Gulen heime på Skogsvåg Stadion.

Skogsvåg var klart best gjennom heile kampen. Laget spelte seg flott framover med eit presist pasningsspel, og gode backar stoppa det som kom bakover. Laget hadde mange store sjansar, og hadde det ikkje vore for ein svært god Masfjord/Gulen-keeper kunne dei ha vunne mykje meir.

Kampen enda 3-0 til Skogsvåg.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.