​​Nytt klubbhus​

Postet av Skogsvåg IL den 24. Sep 2015



«Teikningane er klare. Det nye klubbhuset skal innehalda garderobar og dusj for lag og dommarar, lager, toalett, kiosk, heis, kontor, kjøken og samlingslokale. Planen er å plassera det nedanfor dagens klubbhus, i hjørnet av fotballbana.»

«Kva som skal skje med det noverande klubbhuset, er ikkje bestemt. Men truleg vert det opprusta og ombygd til andre føremål for idrettslaget.

Det meste av planlegginga er i boks, no står finansieringa av det nye klubbhuset att. Bygget er venta å kosta 4,3 millionar kroner, og klubben håpar på tippemidlar og eventuelt hjelp frå andre støttespelarar.»

«Skogsvåg IL har gått frå tidlegare underskot til eit overskot på nesten 250.000 kroner i 2014. Men eit nytt klubbhus er eit tungt løft. Likevel håpar dei på å kunna starta bygginga i løpet av neste halvår.»



Tekst henta frå Vestnytt, 24. september 2015.






Det er Arkitekt Giskegjerde som har utforma teikningane, og dei kan du sjå ved å trykke her: Teikningar klubbhus


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.