God avslutning på sesongen!

Postet av Skogsvåg IL den 19. Okt 2015

A-laget avslutta ein litt skuffande sesong med ein finfin 5-2 siger over Inter Bergen i går på Skogsvåg Stadion.



(Arkivbilde) 3 målscorar Andrè Børnes.




Flomlys og mange frammøtte skapte ein fin ramme rundt A-lagets siste kamp denne sesongen.

Aggressivt press og tidvis godt spel med kombinasjonar langs bakken var resepten som gav siger. Måla vart scora av André Børnes (3), Thomas Bjørkmann og Kjetil Sangolt. Med dette blir André årets toppscorar med totalt 8 nettkjenningar.

Vi vil med dette ynsje alle ei riktig god høst og vintertid som ligg føre oss.
Ikkje minst vil vi takka for støtta vi har fått gjennom heile sesongen!

Vi sjåast neste sesong!

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.