Langtur og seier

Postet av Skogsvåg IL den 18. Apr 2016

Det var ein spelesugen gjeng som tok den drøye tre timer lange bussturen til Gulen lørdag.

Skogsvåg åpna med to sjanser, men det var Gulen som sette det første målet. Etter det tok Skogsvåg over, og scora tre mål:

  • Ingvar scora det første målet på ein presis corner frå Mini
  • Bjørkmann scora nr. to med utsida av høgrefoten, heilt oppe i motsatt kryss
  • Det tredje målet stod vår kaptein, Anders for: Eit langskudd frå ca. 23 meter i pen bue over keeper

Skogsvåg gjekk til pause med ein 3-1-ledelse.

Eitt bytte blei gjort i pausen, og Chris-Robert fekk dermed sin re-debut for SIL.

Andre omgang blei eit stort gjesp. Gulen scora eitt mål, og jaga lenge ei utligning. I stadenfor kom Ingvar aleine med keeper, og var god, men også litt heldig då han setter inn 4-2-målet, som også blir sluttresultatet. Sjølv om dette ikkje var ein stor dag for Skogsvåg, så er det alltid kjekt med seier!


Takk til Leif Vidar som kjørte oss!


Neste kamp er heime mot Sartor FK, søndag 24. april kl. 16.00. Sartor FK vann også sin første seriekamp for 2016, 4-3 over Baune 2.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.