Grei seier mot Gulen

Postet av Skogsvåg IL den 22. Aug 2016

Sola skein og Ernfrid hadde nysteikte vaflar klare i kiosken, så alt låg til rette for ein bra kamp.

Vi opnar kampen best, og ikkje lenge etter setter Kjetil dagens første mål. Vi holder oss til kampplanen og holder ballen i laget. Dei frammøtte fekk sjå mange flotte kombinasjonar, mange mål og fint spel.

Vi visste før kampen kva Gulen hadde å kome med – eit hardtarbeidande lag som aldri gjer seg. Dei får med seg to mål mot våre seks.

Målscorarane blei: Kjetil (2), Ingvar (2), Øyvind og Morten.

Dagens spekkhoggar: Øyvind. Han hadde ein utruleg bra innsats på midten, som ein berre må ta av seg hatten for!

Neste sundag er det bortekamp mot Sartor. Møt opp og støtt oss!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.