Endelig ny seier!

Postet av Skogsvåg IL den 16. Okt 2016

A-laget stod uten seier på dei fem siste kampane. Dette blei det endring på.

I dag var det Minde som var på besøk. Forrige kamp enda 7-1 til Minde, og laget ligger på 2. plass på tabellen med mulighet for opprykk - altså ein tøff motstandar.

Minde leda tidlig 1-0, men Anders (til venste på bildet) reduserer rett før pause.

Skogsvåg har ein god dag og viser mykje bra spel både i forsvar med Halvor og Gunnar i spissen, men også sentralt med Anders, Kjetil og Øyvind (til høgre). Sistnevnte gjorde det spesielt bra då han skaffar seg rom og setter ballen i mål frå 30 meter. Nydelig avslutning og kanskje "Årets mål"? 2-1 til Skogsvåg.

Ahmed og Ingvar har fleire gode løp og innlegg, og Morten har eit par sjansar, men kampen endar 2-1 til Skogsvåg.

Dommaren utmerkar seg både positivt og negativt. Kanskje mest negativt sett med Minde sine auge. Det blir ein del frispark til Skogsvåg, tilsnakk og kort. Dommar delar til og med ut kort til bortelaget etter kampslutt. Sett med Skogsvåg-auge så gjorde dommar ein grei jobb, men det er forståelig at Minde-spelarane blei frustrerte.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.