Påmelding barn
Påmelding ungdom

Spelereglar for innefotball

Avspark:

Motstandaren må vere minst fem meter unna ved avspark. Det kan ikkje gjerast mål direkte frå avspark.

Frispark:

Motstandaren må vere minst fem meter unna ved frispark.

Målkast:

Ballen kastast ut av keeper når ballen er gått over dødlinja. Det er ikkje lov til å kaste over midten ved avspark, eller når keeper skal frigjere ballen etter redning. Viss dette skjer skal det dømmast eit indirekte frispark til motparten frå der ballen passerer midtstreken.

Dersom keeper etter redning tar med seg ballen utanfor målfeltet, kan han spele så langt han/ho vil.


4-sekunds regelen:

Hensikta med denne regelen er at spelet skal settast hurtig i gong etter stans. Det er opp til dommaren å avgjere når tidsramma på 4 sekunder er overskrede. Som ei rettesnor, gjeld: Frå det tidspunktet spelaren/laget kan sette ballen i spel og til den blir satt i spel, skal det ikkje gå meir enn 4 sekund. Her må det bl.a. takast hensyn til alder og ferdighet i dei yngste klassane. Eit indirekte frispark til det angripande lag skal takast frå den næraste stad på straffefeltlinja dersom forseelsen finner stad innanfor straffesparkfeltet.

Utvisning:

Gjeld berre 13 år +.

Ball i taket:

Ballen blir droppa. Ballen er i spel når den berører bana.

Ball over sidelinja:

Her blir innspark benytta. Ballen blir lagt der ballen kryssa linja, og blir deretter sparka inn på bana. Det kan ikkje scorast direkte frå innspark. Motspelar må vere minst 2 meter unna ved igangsetjing.

Jamne kampar:

Dersom eit lag ligg under med 5 mål, kan ein ekstra spelar settast innpå. 10 mål - to ekstra spelarar osv. Dette gjeld kun i klassane 2010-2006.

Velkomen på Kiwi-Cup 2017

Skogsvåg Idrettslag vil gjerne invitere deg og ditt lag til Kiwi-Cup 2017. 25.–26. mars og 7–9. april.



Kiwi-Cup er ei intim innefotballturnering som arrangerast i Sundhallen (i Sund kommune, på Sotra) kvar vinter.

Klassane vi tilbyr er frå minigut/minijente 7 år (født i 2010) til lillegut/lillejente 12 år (født i 2005), og jenter 14/15 år og 17 år, og gutar 13/14 år, 15 år og 16 år.


I barneklassane bruker vi årstall og ikkje alder. G10 er fødde i 2010, G08 er fødde i 2008 osv.


Barn (2010–2005):

25.–26. mars 2017.

Ungdom (13–17 år):

7.–9. april 2017.

Ungdomsklassane spelar innleiande runder fredag og laurdag, og sluttspel på søndagen.



Dei viktigaste detaljane om cupen er gjengitt nedanfor:


KAMPAR

Laget ditt spelar alle sine kampar same dag, utanom sluttspelskampar for ungdomslaga som går søndagen. Vi gjer vårt beste for å laga ei effektiv turnering utan lang ventetid mellom kampane.

PÅMELDINGSFRIST

Barn: 17. mars
Ungdom: 20. mars

PÅMELDINGSAVGIFT

Barn: 600,-
Ungdom: 800,-
Di påmelding er gyldig først når påmeldingsavgifta er betalt.


PUBLIKUM

Publikum er hjarteleg velkomen til å sjå på tettpakka action i Sundhallen. Entré kostar 50,- Born og ungdom under 18 år går gratis.

FAIR PLAY

Vi har fokus på Fair Play ved å ha sportsleg helsing før og etter kamp. Ta også godt vare på dommarane våre. Det vil vera kampvertar tilstades i hallen. I barnefotballen blir alle premierte, mens i ungdomsklassane er det kun dei beste laga som stikker av med premie.

SPELARAR

Ein spelar er spilleberettiga for sin klubb etter NFFs reglement.
Ein spelar kan kun delta på eitt lag i same klasse.

ANTAL SPELARAR PÅ BANA

2010–2007: 5 spelarar + keeper.
I dei øvrige klassene er det 4 spelarar + keeper


KONTAKT

Ta kontakt med cupskogsvaag@gmail.com for eventuelle spørsmål.

Hovudsponsor:

Sund Senter, Skogsvåg.

Her er Skogsvåg Idrettslag og Sundhallen

Levert av IdrettenOnline