Spele fotball i Skogsvåg IL?

  • Våre fotballspelarar kjem frå heile Sund, men også frå nabokommunane, Fjell og Bergen.
  • Idrettslaget er dugnadsbasert, og vi set stor pris på alle som bidrar. Dette kan til dømes vere som trenar, foreldrerepresentant, kiosk-vakt, cup-vakt, eller med vedlikehald av anlegget.
  • Fleire av våre lag i barnefotballen er samarbeidslag med Telavåg IL.
  • Vi har reine jente - og gutelag frå barneskulealder og opp til seniornivå.
  • Dei yngste trenar frå ein til to gangar i veka.
  • Treningane går føre seg på kunstgraset på Skogsvåg Stadion.
  • I miniklassen (6-10 år) blir det spelt 5'ar-fotball. 11-13-åringane spelar 7ar, og 13+ spelar 11ar.
  • Det er lik premiering til alle laga/spelarane, og ingen tabell.
  • Idrettslaget arrangerar Spekkhoggarcup (i oktober) og Kiwi-cup (i januar/februar). Dette er cupar for dei aller yngste laga, og opp til 12 år.
  • Det blir arrangert merkeprøver: Minimerket og Teknikkmerket. Desse merkeprøvane handlar om teknikk, og er noko spelarane trener på gjennom heile sesongen.
  • I november arrangerar vi fotballfest for alle våre spelarar med mat og drikke, go-fotenkonkurranse, premieutdeling og disco eller anna underholdning.
  • Skogsvåg Idrettslag er ein Fair Play-klubb.
  • TRYGGHEIT + UTFORDRING + MEISTRING = TRIVSEL OG UTVIKLING

    Det aller viktigaste er at dei voksne leggjer til rette for morosam fotballaktivitet - slik at alle trivst og har passe utfordringar. Morosam aktivitet er god læring og stimulerar til aktivitet også utanom lagstreningane. Barnefotballen skal pregast av trivsel, av tryggheit og av at barna opplever meistring!



    Leiar fotballgruppa: Ivar Emil Sangolt - 41423025, ivaremil@hotmail.com

Kontakt fotballgruppa

Kva lurer du på?

Levert av IdrettenOnline