Ein fin dag for fotball

Postet av Skogsvåg IL den 18. Mar 2018

Stadion og Nymarksbanen bada i solskinn under Varegg Cup.


Det var ein iskald, men nydelig dag på Nymarksbanen under Varegg cup, søndag 18. mars. Skogsvåg gutar 2008 stilte med to lag, Heath og Rangers, og begge laga fekk for første gong prøve korleis det er å spele 7ar-fotball.

Skogsvåg Rangers spelte tre jamne kampar. Dei begynte alle tre kampane litt bakpå og slapp inn eit par mål, men avslutta alle tre kampane med høgare intensitet, høgare opp på bana.

I siste kamp mot Bjarg låg dei under 3-1 til pause, og allerede då meinte guttane at kampen var tapt. Trenar, Torbjørn, var ikkje enig. Han visste at guttane hadde meir fart i beina, og at det var fullt mogleg å hente inn leiinga. Og Rangers gjorde akkurat det. På stillinga 3-3, heilt på tampen av kampen går ein corner i mål via keeper. Berre sekunder etter blåser dommaren av kampen. Rangers vinner 4-3!

Dei to andre kampane enda med tap og uavgjort for Rangers.

Heath hadde også ein seier, ein uavjort og eit tap. Laget utmerka seg spesielt i kampen mot Gneist kor dei vant heile 10-3. Gutane imponerte med flotte kombinasjonar og knallharde skudd, og var godt organisert både framover og bakover på bana.

Både Rangers og Heath hadde med seg spelarar frå 2009-laget. Alle saman viste gode ferdigheter og bidro med godt spel.

Alt i alt var dette ein flott dag med mykje god fotball og fornøyde gutar. 

Resultat

Minde Hokus

Skogsvåg Rangers 08

3 - 2

Djerv, SK Gutter 10 år - 1

Skogsvåg Rangers 08

2 - 2

Bjarg Kirkevoll Rød

Skogsvåg Rangers 08

3 - 4

Bjarg Skeie Rubin

Skogsvåg Heath 08

5 - 3

Skogsvåg Heath 08

Gneist Hjellestad Puma Blå

10 - 3

Skogsvåg Heath 08

Fyllingsdalen, FK - LS1

3 - 3

 

Heat i kampen mot Gneist.

Skogsvåg Rangers mot Djerv.

Skogsvåg Rangers mot Bjarg like før slutt.

Skogsvåg Rangers.

Heath scorar mot Bjarg.

Heath mot Gneist.

Heat mot Bjarg.

Rangers mot Bjarg.

Heath og Rangers tok i mot premiane sine saman.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.