Friidrettsgruppa deltok på sine fyrste stemner etter korona

Postet av Kenneth Sangolt den 3. Okt 2021

Foto: Leikvang stadion 27. august 2021. Ein kvil mellom aktivitetane. 

Born og unge frå Skogsvåg IL hadde aktive helger med friidrett denne hausten. I slutten av august deltok 17 utøvarar på Bergenslekene på Leikvang stadion. 11 utøvarar var også med på Karabinlekene på Fana stadion i midten av september. Dette var fyrste stemner for alle saman. Alle utøvarane har starta med friidrett under koronapandemien. Det har vore avgrensa mulighet til å delta på stemner i andre kommunar grunna påbod og anbefalingar. 

Vi hadde utøvar som representerte idrettslaget i desse øvingane:

  • 40 m / 60 m / 80 m / 200 m / 400 m sprint
  •  Kulestøt
  •  Høgdehopp
  •  Lengde
  •  Kast med liten ball

Deltakinga gav meirsmak for både utøvarar og foreldre. I dei yngste klassane er det glede, leik og meistring som er viktig. Alle får medaljar. Når utøvarane blir eldre er det ekstra merksemd for dei beste prestasjonane. Det vart medaljefangst å ta med heim over brua både i kule, sprint og høgde. 

Resultater frå stemnene er her:

https://www.fanail.no/karabinlekene-2021/

https://bergenslekene.no/?p=792

Friidrett i Skogsvåg IL

Friidrett i breddeidrettslaget Skogsvåg IL har lang tradisjon. Friidrettsgruppa starta opp att sumaren 2020 etter ein liten pause. Det er eit tilbod til alle born og unge frå 1. klasse og oppover. Treningstid er laurdag kl 11 - 12. Les meir her: http://skogsvaag-il.idrettenonline.no/p/61970/informasjon


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.