Populært med friidrett i juli

Postet av Skogsvåg IL den 8. Jul 2022


 Foto: Hermine og Emilie passerer hekken i god stil.

 

I den fyrste veka i juli har 50 born hatt Skogsvåg stadion som sin tumleplass. Spekkhoggarsumar er ei årleg friidrett- og allidrettsveke der born får prøve seg på ulike aktivitetar. 

Lokale idrettsungdommar står for aktiviteten

Borna blir inndelt i mindre grupper og får prøve seg på 4-5 ulike aktivitetar kvar dag. Dei lokale idrettsungdommane Mathilde Asphaug, Thea Asphaug, Leo Kausland, Martine Samland, Jennie Dalseide og Simon Øvretveit har leia aktivitetane med stødig og hjelpande hand. I tillegg til lokale krefter bidrog Fride Vågen frå friidrettskrinsen med lengde- og trestegsinstruksjonar.

Kateryna frå Ukraina viste korleis spydet skulle kastast

Frå friidrettskrinsen kom også leiar Peer Jarnung og nestleiar Anne-Kristine Aas på besøk. Dei viste stor begeistring for all aktiviteten på stadion. Den forferdelege invasjonen av Ukraina har ført til at ein skulert kasttrenar har hamna i vår region. Kateryna Retiva viste borna kast med liten ball og tok også fram spydet. Utan oppvarming og med eit svært avgrensa tilløp gjekk det til midtsirkelen av fotballbanen. 

Variert veke 

I løpet av veka har borna vore innom desse øvingane: 

  • Frisbee

  • Venneball 

  • Hopp og sprett

  • Sirkeltrening 

  • Hinderløype/Tarzanløype 
  • Tresteg

  • Høgde

  • Kast liten ball

  • Kulestøt 

  • Diskos

  • Spyd

  • Hekk

  • Stafett

  • 40 m sprint 

  • Bandy
  • Handball
  • Dodgeball
  • Basketball
  • Tennis

Sumaraktivitetar i Øygarden

Veka er støtta økonomisk av Øygarden kommune. Dette gjer at naudsynt utstyr blir kjøpt inn, lokale ungdommar får dette som sumarjobb og at påmeldingsavgifta er beskjeden (200 kr per born for 5 dagar med friidrett).

Foto frå veka


Foto: Klar for sprint med startblokker.

Foto: Kast med liten ball. Instruktør Leo følger nøye med på Oscar sitt kast.


Vil du prøva friidrett?

Friidrettsgruppa til Skogsvåg trenar kvar laurdag, også i sumar. Les meir her: https://skogsvaag-il.idrettenonline.no/p/61970/informasjon


Takk for ei fin veke.

Kenneth Sangolt, Johnny Asphaug, Kristina Førde

Skogsvåg friidrett


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.