Korleis bli raskast mogleg?

Postet av Kenneth Sangolt den 22. Aug 2022

Alle er velkomen til praktisk treningssesjon med Hordaland friidrettskrets. Laurdag 27. august kl 1200 på Skogsvåg stadion. Økta foregår med litt teori inne i klubbhuset og praktiske øvingar ute på stadiondekket.


Kva er dette? 

Å vere hurtig er eit stort føremon både i friidrett og andre idrettar som handball og fotball.
Denne laurdagen får vi besøk frå Peer Jarnung som saman med yngre utøvarar frå friidrettskrinsen vil gjennomgå eit praktisk og enkelt hurtighetsprogram som fører til utvikling av hurtighet, utan at ein blir skada. Programmet utføres med egen kropp (utan vekter og mykje utstyr).
Økta har litt teori, men vil i hovudsak utføres på banen slik at alle får prøve og lære seg øvingane.
Arrangementet passar for interesserte born (+10 år) og ungdom som ynskjer å utvikle hurtighet. Foreldre er hjarteleg velkomen til å vere med. Arrangementet er gratis og open for alle, du treng ikkje å ha tilknytning til friidrett. Det passer like godt for fotballspelaren og handballspelaren. Ta på deg treningsklede og bli med.


Kven er Peer?
Peer Jarnung har ein lang CV medan anna med utdanning frå krigsskulen, erfaring som trenar på høgste nivå i handball, som friidrettstrenar og coach. Han er no styreleiar i friidrettskretsen.


Kom bli med

Arrangementet er gratis, ingen påmelding krevs, men send gjerne ein SMS til Skogsvåg friidrett ved Kristina Førde på 930 94 758  så har vi ein liten peikepinn på kor mykje kaffi og forfriskningar vi skal ha klar. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.