Nytt tilbod på Skogsvåg stadion: Tennis

Postet av Kenneth Sangolt den 15. Sep 2022

Foto: Serve-trening pågår. 

Kvar tysdag kl 1900 i heile sumar har det samla seg vaksne (16 år +) for sosial tennis på Skogsvåg stadion. Tennisbanen bak målet har vore i flittig bruk. Dette er eit uformelt tiltak der alle kan kome, uavhengig av nivå. Racketer og baller har vi til utlån. Det har vore 10-12 ulike vaksne innom i sumar. 4 til 6 per gong. Har du lyst, sleng deg på. Alle er velkomen. Tilbodet fortset ute så lenge det er nokolunde vær. Minimum ut september månad. 

Tennis for born og unge 6 - 16 år under planlegging

Idrettslaget har lang tradisjon med å arrangere sumaridrettsveker. Både i 2021 og 2022 var tennis den mest populære aktiviteten blant borna.  Sidan nærmaste tennistilbod er i Bergen vest, minimum 90 minutt køyring unna i rushen - 1 veg (!), er eit lokalt tennistilbod for dei yngre under planlegging. Ynskjer du å bidra til, eller å delta på eit slikt tilbod, ta gjerne kontakt med Kenneth Sangolt (tlf 414 76 319) i friidrettsgruppa i Skogsvåg IL.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.