Spretne sprekkhoggarar på Pingvinlekene

Postet av Kenneth Sangolt den 12. Feb 2023

17 glade utøvarar frå Skogsvåg var på stevne i Leikvanghallen denne helga. Pingvinlekene er blant Noreg sine største friidrettstemner for barn og unge. I år var det over 600 utøvarar med. Fyrst og fremst er dette kjekt og oppbyggande, men også sportsleg gledeleg at våre eldste Skogsvågutøvarar hevdar seg godt i kamp mot utøvarar frå heile Vestlandet. 


Bilete: Erika C. Sangolt (J11) viser fin kulestøtteknikk. 6,68m endte kula på denne helga, og det vart 2. plass i eit svært stort jentefelt med 14 utøvarar. Erika deltok også i lengde og nærmar seg med stormskritt 3-metersgrensa der.

Bilete: Oda Erstad (J15) er tilbake etter eit lite skadeopphold, men har trena godt i vinter. På fredag hoppa ho 2.24m i stille lengde og 1.22 i stille høgde. Vart kretsmeister i begge disipliner. På sundag var det "vanleg høgde", der kom ho seg over 1.40m før det sa stopp (4. plass). Det lover godt for komande utandørssesong. 

Bilete: Dette er Oda med god klaring i stille høgde. 

Kine Gregersen (J11) med kretsmeistergull i stille lengde (1.92m) og stille høgde (0.93m) denne helga. Deltok i både 60m, 200m, lengde, kule og høgde også. Under 10 sek på 60m for fyrste gong, og langt over 5 meter i kule for fyrste gong. 

Vilde Gregersen (J13) er ein allsidig utøver. Her mottar ho prisen for beste kulestøter med eit støt på 7.28m. Har eit stykke opp til klubbrekorden til Esra som ikkje deltok denne helga. Vilde vann også kretsmeisterskap for stille høgde (0.93m), tok ein 2. plass i stille lengde (2.05m). Satt ny personleg rekord i høgde (1.20m) og lengde (4.03m). 

Bilete: Vilde med vinnarhøgden i stille høgde. 

Bilete: Ein av våre rekruttar, Oscar (G10), med fin høgde i lengdegropa. 

Bilete: Varg (G8) etter sin 40m. Alle rekruttar (dei under 11 år) fekk pingvin eller sel frå hovudsponsor Akvariet. 

Bilete: Hermine (J8) var nøgd etter sine lengdehopp og sin 40m spurt på sundag. 

Bilete: Sølve (G08) veit at for å hoppe langt så gjeld det å kome høgt. 

Bilete: For mange er det livets fyrste idrettsstevne, kyndige og venlege funksjonærar gjorde at alle vart tatt vel i mot. Her er det Sondre (G6-7) som får instruksjonar. 

Leikvanghallen er eit flott innendørs-anlegg i Åsane. Tartandekket er lagt nytt i 2023 og er mjukt og fint å drive idrett på. 


Bilete: Dette er trenarparet Kenneth & Kristina. Friidrettsgruppa trenar kvar laurdag, alle er velkomen. For dei yngste er mottoet frå "leik til friidrett", for dei frå 11 år og oppover er det litt meir øvelsesspesifikk trening basert på interessene til bornet/ungdommen.


Alle resultater frå Pingvinlekene 2023 finn du her: 

https://norway.opentrack.run/en-gb/x/2023/NOR/pingvinlekene/ 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.