Hjelp Jorun å vinne ein drømmedag på Ekstremsportveko!

Postet av Skogsvåg IL den 20. Apr 2016


Jorun har blitt påmeldt ein konkurranse om å vinne ein drømmedag på Ekstremsportveko på grunn av det ho gjer for folk i Sund kommune. Ho er blant anna trenar for gutar 2008 i SIL, og gjer ein kjempejobb for laget og gutane. Vi er glade for å ha ho med på laget!

Dette er det Ekstremsportveko skriv om Jorun på si Facebook-side:

Jorun Gude Aspvik, 39 år, Tofterøy. Jorun er ein sprudlande person som ELSKAR utfordringar. Ho gjev utruleg mykje av seg sjølv og seier nesten aldri nei dersom nokon treng hjelp. Ho bur på ei lita øy utanfor Bergen der Jorun bidreg mykje med aktivitetar for små og store. Ho er fotballtrenar, ho har starta opp med kelltebelltrening, og intervall/kondisjonstrening for damene på øya. Ho held kajakkurs for kystlaget, og har rulletrening med kajakk i bassenget på skulen. Ho jobbar også med å lage ei aktivitetsløype til ungane i skogen, og har alltid nokon gode idear.

Klikk på bilde av Jorun over (eller på linken under) og klikk på LIKER. Det er berre 9 dagar igjen av konkurransen og til to vinnarar blir trekte ut.

https://www.facebook.com/ekstremsportveko/photos/a.10153691010703440.1073741842.187051988439/10153692920748440/?type=3&theater


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.