Endelig litt motstand for Jenter 05!

Postet av Skogsvåg IL den 27. Mai 2016


Jenter 2005 har hatt ein strålande vårsesong. Før kampen mot Lyngbø, torsdag ettermiddag, har dei hatt fire sigrar på fire kampar, og ein målforskjell på 32-8!

Jentene, som er vande med å vinne, fekk allerede i startminutta av kampen mot Lyngbø to kjappe mål i mot seg. Lyngbø var bedre enn forventa.

Etterkvart tok Skogsvåg-jentene seg saman, og kampen blei mykje jamnare. Til pause var stod stillinga 2-2.

Begge laga scora mange mål i 2. omgang, men det var til slutt Lyngbø som stakk av med sigeren. Kampen enda 7-5.

– Når jentene fekk tenkt seg litt om, var dei strålande fornøyde med kampen. Dei synes dei hadde flest sjansar og det finaste pasningsspelet, og at det var uflaks at dei tapte. Dei er klare for revansje på heimebane, fortel trenar Johnny.

Jentene var også glade for å endelig få litt motstand etter mange kampar som har gått litt for lett. Det var ein gøy kamp å spele, sjølv om det enda med tap i eit jamnt oppgjer.


Skogsvåg i gule vestar.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.