Kiwi-cup 2016

Postet av Skogsvåg IL den 1. Des 2015


Velkomen på Kiwi-Cup 2016

Skogsvåg Idrettslag vil gjerne invitere deg og ditt lag til Kiwi-Cup 2016.
20.–21. februar og 26.–28. februar.

Påmelding 6–12 år

Påmelding ungdom

Kiwi-Cup er ei intim innefotballturnering som arrangerast i Sundhallen (i Sund kommune, på Sotra) kvar vinter.

Klassane vi tilbyr i år er frå minigut/minijente 7 år (født i 2009) til

lillegut/lillejente 12 år (født i 2004), og jenter 14 og 17/gutar 14 og 16 år.

Ungdomsklassane spelar innleiande runder fredag eller laurdag, og sluttspel søndag.

2009–2004:

20.–21. februar

Jenter 14 og 17/gutar 14 og 16 år:

26.–27. februar: Innleiande runder
28. februar: Sluttspel




Dei viktigaste detaljane om cupen er gjengitt nedanfor:



KAMPAR

Laget ditt spelar alle sine kampar same dag, utanom sluttspelskampar for ungdomslaga som går søndagen. Vi gjer vårt beste for å laga ei effektiv turnering utan lang ventetid mellom kampane.

PÅMELDINGSFRIST

Påmeldingsfrist er 10. februar 2016.


PÅMELDINGSAVGIFT

Barn: 600,-
Ungdom: 800,-
Di påmelding er gyldig først når påmeldingsavgifta er betalt.


PUBLIKUM

Publikum er hjarteleg velkomen til å sjå på tettpakka action i Sundhallen. Entré kostar 50,- Born og ungdom under 18 år går gratis.


FAIR PLAY

Vi har fokus på Fair Play ved å ha sportsleg helsing før og etter kamp. Ta også godt vare på dommarane våre. Det vil vera kampvertar tilstades i hallen. I barnefotballen blir alle premierte, mens i ungdomsklassane er det kun dei beste laga som stikker av med premie.

SPELARAR

Ein spelar er spilleberettiga for sin klubb etter NFFs reglement.
Ein spelar kan kun delta på eitt lag i same klasse.

ANTAL SPELARAR PÅ BANA

2009–2006: 5 spelarar + keeper.
I dei øvrige klassene er det 4 spelarar + keeper


KONTAKT

Ta kontakt med cupskogsvaag@gmail.com for eventuelle spørsmål.




Hovudsponsor:


Sund Senter, Skogsvåg.


Kommentarer

— Guest