Friidrett for born
Av Kristina Førde og Kenneth Sangolt, trenarar og foreldre. 
Skogsvåg IL har ei aktiv friidrettsgruppe med tilbod frå barnehage til ungdom. 
Barnehagefriidrett
 Barnehagefriidrett kvar lørdag kl 1000. Påmelding, beskjeder osv administres i appen Spond. Bruk koden GIKCU for å finne barnehagefriidretten si Spondgruppe. Det er cirka 30-40 born som deltar på barnehagefriidrett kvar veke. 
Eldre barn enn barnehage? Les vidare nedover sida, har faste treningar til faste tider:
Velkomen til Skogsvåg IL sin friidrett for born i barneskulealder og oppover
 
Målgruppe
Born i borneskulealder/tidleg ungdomsskule. 1.–9. trinn.
Ingen krav til forkunnskapar eller erfaring med friidrett. 
Tidspunkt
Hovudtrening er laurdag føremiddag kl 1100 for dei yngste. Kl 12 for utøvere som er litt eldre. 
Store deler av året trenar vi også ei ekstra spenst- og styrkeøkt på torsdag kveld kl 1830. 
Stad
Skogsvåg stadion, friidrettsbanen.
Om vinteren er vi inne i Sundhallen (30 meter frå stadion). 
Korleis er ei typisk friidrettstrening?
Prinsippet er at dette skal vere kjekt og lystbetont. "Frå leik til friidrett." Ei trening vil bestå av lett oppvarming med mange element av leik ("Haien kjem", "Mann i mål", "Fuglane" osv.) etterfulgt av ein hovuddel med stasjoner der borna får prøve seg på sprint, lengde, hekk, kule, høgdehopp og andre øvingar. Vi avsluttar som regel med ein type lystbetont stafett, foreldre deltek gjerne også på ei slik "pangavslutning." 
Treninga skal vere gøy, men det er alltid ein plan bak slik at det blir få dødpunkt og lite venting.
Kor mange deltek?
Vi er cirka 15-20 born kvar laurdag. 
Reglar for treninga
Vi har blitt enige om desse reglane for treninga:  
1. Vi heiar og støttar kvarandre. Ingen baksnakking eller erting
2. Vi gjer vårt beste
3. Vi høyrer på trenarane sine beskjedar
Dersom vi har vanskar med å følgja reglane får vi ein advarsel. Dersom vi får 2 advarslar må vi vente på tribunen i 5 minutt før vi kjem tilbake til treninga. 
Konkurransar
Vi deltek i lokale stemner i Bergensomrdået som Bergenslekene, Pingvinlekene, Karabinlekene osv. Dei lokale stemnene er i helgene. Det blir ikkje trening dei helgene det er stemner.
Det er cirka 5-6 lokale konkurransar kvart år. Ein bestemmer sjølv kor mykje ein vil delta på av konkurransar. 
Kva kostar det?
Det er gratis å prøve ein gong eller tre, men er du med fast så må du vere medlem av idrettslaget.
 Medlemspengane er for tida 500 kroner kvart år. 
Økonomi skal aldri vere ein stoppar for borna sin aktivitet, idrettslaget ved kasserar har ordningar dersom økonomi gjer det vanskeleg.  
Foreldredriven trening
Foreldre som ynskjer å vere med å bidra er hjarteleg velkomen til det. 
Vi ynskjer å bli med
Alle er hjarteleg velkomen til friidrett på Skogsvåg stadion. Møt opp laurdag kl 11.00.
Ta gjerne kontakt med Kristina Førde på tlf 930 94 758 (helst SMS) for å melde dykkar ankomst den fyrste gongen - så sørger vi for at alle blir tatt vel i mot.