
Spekkhoggarcup 25 år
12.–13. november 2016 – Skogsvåg Stadion
Skogsvåg Idrettslag har heilt sidan 1991 invitert jenter og gutar på fotballcup på Skogsvåg Stadion. Vi vil i år feire at Spekkhoggarcup fyller 25 år ved å slå litt ekstra på stortromma!
Vi har varmestove og storstillt premieutdelingsshow i Sundhallen som ligger like ved stadion. På stadion og i Sundhallen vil det vere fleire typar aktivitetar for store og små mellom kampane. Det vil også settast opp varmetelt ute dersom vinden tillater det.
KLASSAR
Reine klassar: Gutar og jenter 7–12 år (Fødde mellom 2009–2004).
Mix-klasse: 6 år (fødde 2010) for nyoppretta lag.
OBS! Merk at vi opererar med årsklasse og ikkje alder. Jenter 06 er ikkje jenter 6 år, men født i 2006.
PÅMELDING
Meld laget ditt på via Profixio på nettet.

Påmeldingsfristen er 1. november.
PÅMELDINGSAVGIFT
650,-. Di påmelding er gyldig først når påmeldingsavgifta er betalt.
Send gjerne denne invitasjonen til andre lag i klubben din.
Spørsmål kan stillast til cupskogsvaag@gmail.com
Sportslig helsing frå Skogsvåg Idettslag