Fair Play i Skogsvåg IL


Fair Play

Fair Play handlar om korleis ein bør oppføre seg på trening og på kamp, men også korleis ein bør oppføre oss utanfor sjølve fotballbana. Innføringa av kampvert i kvar kamp i barne -og ungdomsfotballen er med på å skape ei god ramme rundt kampane, både når det kjem til oppførsel, men også ved å få motstandarlaga til å føle seg velkomne. Dei vaksne må opptre som gode rollemodellar for borna. Dersom dei vaksne har gode haldningar, vil dette smitte over på spelarane.

Trenaren og Fair Play

  • Alle spelarar er like mykje verd, og har det same potensialet for å ha det gøy med fotball.
  • Gje oppmuntring til alle spelarane under trening og kamp.
  • Å tilretteleggje for riktig aktivitet er mykje viktigare enn å gje mykje instruksjon.
  • Spel mykje smålagspel.
  • Sørg for at alle får mange involveringar.
  • Aldri kø!
  • Oppmuntre i medgang og motgang.
  • Tilrettelegg for eit trygt miljø med aktivitetar som spelarane meistrar. Trygghet + Mestring = Trivsel
  • Bruk alle spelarane like mykje i kamp. Opplevingar, leik og utvikling er mykje viktigare enn resultat.
  • Spør om kampen var morosam og spanande – ikkje berre om resultatet.
  • Gjennomfør Fair Play-helsing både før og etter kamp.
  • Vis respekt for arbeidet klubben gjer. Delta på foreldremøte og trenarmøte.
  • Vis respekt for andre, ikkje røyk, bann eller ver aggressiv på sidelinja.
  • Del ut foreldrevettreglane til foreldra.
  • Tenk på at det er borna som spelar fotball – ikkje du.
  • Tap og vinn med samme sinn!

Sjå på dommaren som ein veiledar og gjer dommaren god! Respekter avgjerslene og bidra til at dommaren trivst. Ta imot og takk dommaren. Ver eit forbilete for borna med tanke på adferd ovanfor dommaren.

Foreldre og Fair Play

Stor deltaking frå ressursgruppa føresatte, foreldre og besteforeldre vil i framtida vere heilt avgjerande for å kunne drive fotballaktiviteten.

Foreldre og familie kan fort bli ivrige på sidelinja under kamp, og Fotballforbundet har derfor i samarbeid med Norsk Tipping utarbeida «Fotballens Foreldrevettregler» for å gjere kampopplevinga enda kjekkare.

  1. Møt fram til kamp og trening – borna ønsker det.
  2. Gje oppmuntring til alle spelarane under kampen – ikkje bare din son eller di dotter.
  3. Oppmuntre i medgang og motgang – ikkje gje kritikk.
  4. Respekter lagleiaren si bruk av spelarar i kamp.
  5. Sjå på dommaren som ein veiledar – ikkje kritiser avgjerslene.
  6. Stimuler og oppmuntre ditt born til å delta – ikkje press det.
  7. Spør om kampen var morosam og spanande – ikkje berre om resultatet.
  8. Sørg for riktig og fornuftig utstyr – ikkje overdriv.
  9. Vis respekt for klubben sitt arbeid – ta initiativ til foreldremøter for å avklare haldningar og ambisjonar.
  10. Tenk på at det er ditt born som spelar fotball – ikkje du.

Kampvert

«Fair Play Kampvert» skal bidra til at fotballkampane foregår i trygge rammer kor meistring og trivsel står i fokus. Kampverten skal vere ein godt synleg person som sikrar at kampen blir gjennomført i rett Fair Play-ånd, både på og utanfor bana.

Ein vaksen frå heimelaget er kampvert. Sett opp ein ekstra person på kiosklista som skal vere kampvert. Ordninga skal gå på rundgang slik at dei fleste får eit forhold til denne rolla. Kampverten skal ha på gul kampvert-vest som ein finn i kiosken. Grøne Foreldrevett-kort finn ein i klubbhuset dersom det er tomt i kiosken.


7 enkle oppgåver til kampverten:

  1. Ta i mot motstandarlag og ønsk dei velkomen til Skogsvåg Stadion.
  2. Vis gjestar garderobe, toalett og kiosk.
  3. Ta i mot dommaren.
  4. Bidra til at Fair Play-helsinga blir gjennomført, og sjå til at ein vaksen (trenar/lagleiar) deltar.
  5. Ha positiv oppmerksomhet på begge foreldregruppene og lagleiingane.
  6. Ha med grøne Foreldrevett-kort. Del desse eventuelt ut til dei som "bryt" reglane.
  7. Takk motstandarlaget for kampen, og ønsk dei velkomen tilbaket
Levert av IdrettenOnline