Skogsvåg IL startar opp badminton på torsdagar i Sundhallen

Postet av Skogsvåg IL den 5. Nov 2023

Foto: Dette er Øyvind Fjeld med racket i handa.

Frå og med torsdag 9. november kl 2000 - 2130 er det badminton i Sundhallen. 

Alle over 16 år er velkomen. Anten du har ingen erfaring, har gode minner frå badminton ein sumardag i hagen eller har spelt litt tidlegare. Her blir det hyggjeleg spel. Tidleg 2000-tal var det eit fast badmintonmiljø i Sundhallen, idrettslaget oppmodar fleire frå den tida til å vere med. 

Du treng ikkje utstyr, idrettslaget stiller med nyinnkjøpte racketer og fluer. Ta på deg sko og møt opp.

Å vere med på badminton i Skogsvåg er gratis for medlemmar, er du ny kostar det kr 500 per år for å vere medlem i laget. 

Ansvarleg for badminton er Øyvind Fjeld. Send gjerne ei melding om du har tenkt deg på badminton slik at han kan sørge for at det er nok banar og utstyr til alle. Øyvind sitt tlf nr er  480 23 273.


Tekst og foto: Kenneth Sangolt



Bernt Kåre Sangolt heidra for innsats i Skogsvåg IL

Postet av Skogsvåg IL den 1. Nov 2023

Bernt Kåre Sangolt har blitt heidra med Norges friidrettsforbund sin utmerkelse for administrativ innsats. 

Diplomet blir gitt etter forslag frå Hordaland idrettskrets, og deretter ved einstemmig vedtak i Norges friidrettsforbund sitt styre. Det blir gitt til personar som har utført særdeles godt  arbeide for friidretten i Hordaland.

Peer Jarnung er styreleiar i Hordaland friidrettskrets. Han delte ut prisen til Bernt Kåre på friidrettsgallaen 2023 på laurdag 28. oktober. Jarnung fortel at Bernt Kåre er ein verdig prisvinnar som har gjort ein stor innsats gjennom mange år, heilt tilbake til stiftinga av idrettslaget og bygging av Skogsvåg stadion på 1980-talet.

Formann i Skogsvåg IL, Kenneth Rokkan, fortel at Bernt Kåre fortsatt er svært aktiv, for tida er prisvinnaren oppteken med å laga til ny og moderne lengdegrop saman med fleire andre aktive eldsjeler på Skogsvåg stadion. På vegne av laget og medlemmane er Rokkan svært takknemleg for arbeidet som "BK" legg ned. 

Bernt Kåre sjølv fortel at han gledar seg stort over å legge til rette for aktivitet på anlegget. Det er svært viktig at born og unge i Skogsvåg har eit tilbod, han avsluttar med: -Lediggang er roten til alt vondt!


Tekst: Kenneth Sangolt. Foto: Trine AG



Spekkhoggarar beit frå seg på kretsmesterskap i friidrett på Fana stadion

Postet av Skogsvåg IL den 1. Okt 2023

Kretsmesterskap i friidrett på Fana stadion for 11-14 år og dei som er 15 år og eldre markerte slutten på årets sesong for våre eldste utøvere. Våre utøvere fulgte våre felles prinsipp om å støtte kvarandre & gjere sitt beste. Det vart fleire årsbeste og medaljar av edelt valør. Over ser dykk 15-åringen Oda Amalie Erstad som hoppar over 1,45m i høgde for fyrste gong i sitt liv. Det er like høgt som til dømes ein Volkswagen Polo. Oda vann klassen sin.  Ho hadde også nokre forsøk på 1,48m, men det vart litt for høgt. Denne gongen. 

Kine Gregersen er allsidig og treningsvillig, deltok i sitt fyrste kretsmesterskap. Her hoppar ho 3,70m i lengdegropa, i ein veldig jamn klasse vart det ein fin 5. plass. Kine deltok også på 60m (nr 5 men ingen tidtaking grunna sensorfeil) og 200m (5. plass og 33,25 - ny personleg rekord)

Frå "høgdesvingen", kanskje det blir 1,48m i løpet av vinteren for vår utøver. 


Erika Cassandra Sangolt deltok i J11-klassen. Ho trenar godt på støt og kastøvingar. Ho vann kulestøt med eit fint støt på 8,11 meter i frisk bris og regn, og fulgte like godt opp med langt over 18 meter og ny fyrsteplass på diskos like etterpå. 

Kretsmesterskapet har ein flott "turneringsbuss" med storskjerm og premiepall. 

Her er det J13 og Vilde Othelia Gregersen (til venstre) som mottek premie for 3. plass på 60 meter. Det vart ein sterk ny personleg rekord med 9,32 i over 3 sekunders motvind. Vilde tok også 2. plass i kulestøt med ny personleg rekord - 8,37 meter. På 600m viste ho stor fighting spirit, starta hardt og haldt - nesten - til mål, med ny personleg rekord 1:56:18. 

Av hensyn til sikkerhet for utøvarar og publikum vart diskos og slegge sine øvelsar haldt på grusbanen like nedenfor Fana stadion. Her er det Erika som får diskosen til å flyge utover grusdekket. 



Velkomen på friidrett

Skogsvåg IL si friidrettsgruppe trenar kvar laurdag på Skogsvåg stadion (sumarhalvår) og inne i Sundhallen (vinterhalvår). Vi har per no tilbod for alle aldre frå 1. klasse og oppover. Alle er velkomen, alle blir tatt vel i mot,  og alle vil finna noko dei trivast med.  Dei mest aktive og interesserte deltek i konkurransar som beskriven over, men mange er med berre for å trena og ha det kjekt. Velkomen på trening. 

Friidrett kostar kr 500 kvart år, men det er gratis å vere med på prøvetrening 3 gongar før ein blir innmeldt. 


Tekst & foto: Kenneth Sangolt, friidrettstrenar Skogsvåg IL



Fin framgang for friidretten i Skogsvåg

Postet av Skogsvåg IL den 18. Sep 2023

Skogsvåg IL deltok på Bergenslekene på Leikvang stadion i helga. Dette er eit av årets største friidrettsstevner i Vestland. Flotte prestasjonar frå både yngre og eldre utøvere. I biletet over ser vi Kine Gregersen spurte inn på 60 meter. 


Resultat

Vår J13-utøver Vilde Gregersen slo til med 100m på 15,37 og 200m på 31,96 denne helga. Begge løp var i motvind og like bak personleg rekord. På begge distanser vart det 3. plass og tur opp på premiepallen. Vilde slo også til med kulestøt på 8,28m. Det haldt til 2. plass bak lagvenninne Erika Sangolt.

Vår J15-høgdehoppar Oda Erstad tangerte sin bestenotering med eit hopp på 1,41m. Dette var gledeleg etter eit lengre skadeavbrekk. Ho hadde ganske gode forsøk på 1,46m, men lista ville ikkje bli verande. Oda satser nok vidare mot kretsmeisterskap seinare i haust og innendørssesong som startar i januar. 

J11-utøver Erika Sangolt vann diskosøvinga med eit kast på over 16 meter. I kulestøt deltok ho med eldre jenter i J13-klassen. Der varta ho opp med eit støt på 8,84m som er ny personleg rekord. Det vart belønna med fyrsteplass.

J11-utøvaren Kine Gregersen sprang inn til ein fin 3. plass på 60 meter med 9,73 sekund.

Mange fine prestasjonar også blant våre yngre utøvere som er 10 år og yngre. Rangerte lister og premiering av prestasjoner starter ikkje før 11-årsklassen. 

Alle resultat finn du på https://bergenslekene.no/


Bileter frå stevne under (Alle foto: Kenneth Sangolt & Grace Lyn Sangolt): 

Hanna går inn for landing. 


Hermine får beina fram i landinga. 

Lycke i lengdegropa. 

Her er det Erika som støter kula. Den lander litt forbi skyggen til funksjonæren til venstre i biletet.

2 av tre pallplasseringar i kule J13 var det Skogsvåg som tok seg av.

Her går starten på 600m. Våre to utøvere Johannes og Mads er midt i biletet. 


Oda Erstad fekk 2. plass med 1,41m, her poserer ho saman med vinnaren av høgde (1,60 m)


Velkomen til friidrett i Skogsvåg

Friidretten trenar kvar laurdag. Er du 5. klassing eller yngre er det kl 1100 på Skogsvåg stadion. 6. klassingar og eldre trenar kl 1200. Friidrett passar for alle, alle er velkomen og du treng ikkje tidlegare erfaring. 



Vilde frå Skogsvåg vann Lerøy-lekene saman med Hordaland Friidrettskrets

Postet av Skogsvåg IL den 3. Sep 2023

Vi er stolte over å melde at Vilde Gregersen har representert Skogsvåg IL i Lerøy-lekene denne helga. Basert på hennar prestasjonar på friidretts-banen vart  den aktive 13-åringen, som også spelar fotball, tatt ut for å representere Hordaland friidrettskrets i kamp mot Sogn & Fjordane, Innlandet og Rogaland. Lerøy-lekene vart arrangert på Byrkjelo stadion i Breim. Hordaland vann kampen mellom friidrettskretsane og fekk stor og tung pokal. 

Vilde deltok på 60 meter der ho deltok i forsøksheat og deretter kvalifiserte seg til finale. 9,51 i forsøk og 9,58 og 7. plass i finalen. Sterk motvind i finalen medan det var vindstille i forsøket. Ho hoppa 3,84 i lengde som er cirka 20 cm bak pers. På kulestøt vart det 7,25 meter og ein 10. plass. Litt bak pers der også. I høgde slo Vilde til med 1,21 meter, det er ny personleg rekord og det vart 5. plass. 

Idrettslaget gratulerar Vilde med prestasjonane og ynskjer ho lykke til vidare med satsinga si både på kunstgras og tartandekke. 

Kva er Lerøy-lekene? 

Lerøy-lekene (tidligere regionale ungdomsleker) har røtter tilbake til 1968 og har hatt mange navn, men ble i 2017 døpt om til Lerøy-lekene da Lerøy ble sponsor.

Lerøy-lekene er en individuell- og lagkonkurranse for landets 13 og 14-åringer. Utøverne konkurrer om egne plasseringer samtidig som de og kjemper om poeng for sin krets. Det er kretsene som tar ut og melder på deltagere. Alle deltagerne konkurrerer i sin krets t-skjorte. Hver krets har hver sin farge slik at det er lett å se hvem som konkurrere for samme lag.

Lerøy-lekene er en møteplass for ungdommene der både konkurransen og det utenomsportslige står i fokus. Deltagerne bor lagvis, og er sosiale med hverandre gjennom hele helga.

Friidrett i Skogsvåg frå 1. klasse og oppover..

Faste treningar på laurdagar + sporadisk i enkelte vekedagar. Alle er velkomen. Les meir her på heimesida under "Friidrett."



Friidrettsgruppa innleia haustsesongen med Gneistspelen

Postet av Skogsvåg IL den 27. Aug 2023

Friidrettsgruppa brukte forrige helg på Fana stadion. Der var det Gneistspelen. Eit tradisjonsrikt arrangement som har vore på terminlista i over 20 år. Blant dei yngste utøvarane var hinderløp med vanngrav truleg helgas høgdepunkt. 

Blant dei eldre borna og ungdommen må vi nemne at Vilde Gregersen (J13) tok ein fin 3. plass på 200 meter med sitt fyrste løp under 32 sekunder. Betina Eide (J16) debuterte på 2000m hinder med tid like over 9 minutter. Erika Sangolt varta opp med eit kulestøt på over 8 meter - sølv i ein rikt befolka J11-klasse. 

Sjå alle resultat på stevnet her: 

https://norway.opentrack.run/en-gb/x/2023/NOR/gneistspelen/competitor/ 

Skriv inn SKOIL under "filter" for å sortere på Skogsvåg sine utøvere. 


Bli gjerne med på friidrett. Alle er velkomen på friidrett i Skogsvåg. Vi trenar kvar laurdag på Skogsvåg stadion. 

Born 1. klasse til 4. klasse kl 1100 - 1200.

Frå 5. klasse og oppover: 1200 - 1300. 

Det er berre å møte opp, alle blir tatt vel i mot. Gratis med prøvetrening eller 3. Prisen er 500 kr per år om du er med fast. 


Nokre bileter under: 


Vilde & Betina.

Erika i støtet..

Medaljeutdeling J11 kulestøt. Erika på 2. plass. 


Sølve, Sondre, Alfred, Hermine og Lycke. Mads var også med blant våre yngste utøvere, men ikkje tilstades då biletet var tatt. 


Hermine nøgd med fasilitetene på Fana stadion. 




Aktive idrettsdagar på Skogsvåg stadion

Postet av Skogsvåg IL den 15. Jul 2023

Skogsvåg IL har tradisjon for å skipa til idrettsaktivitetar for born i sumarferiane. Dei siste åra har dette vore ein fast tradisjon i juli månad. 2023 var intet unntak.

I år var det plass til 30 aktive og interesserte lokale born som fekk varierte dagar der dei prøvde seg på ein del nye aktivitetar saman med dyktige instruktørar. Borna fekk prøva seg på både (kort)hekk, tresteg, tennis, turn & fotball. I regi av "restaurantsjef" Kristina Førde vart det servert ein variert brødlunsj med tilhøyrande drikke kvar dag.

Foto: Fotball i bingen. 


Foto: Trestegutøvar i farta. 


Foto: Tennis er eit nytt tilbod i Skogsvåg IL. 

Foto: Hoppetauet i flittig bruk.  


Foto: Silje Pettersen var ansvarleg for hekk- og trestegtreninga. Spenst og koordinasjon er nykkelen til det meste.. 

Instruktørane hadde berre skryt å koma med til dei aktive og kjekke borna. Frå venstre: Kenneth Sangolt, Silje Pettersen, Johnny Asphaug, Thea Asphaug, Mathilde Asphaug, Silje Ulvøen, Kristina Førde. 

Foto: Einhandsbackhand frå Olav på tennisbanen. 


Friidrett på Skogsvåg stadion i sumar

Friidrettsgruppa trenar laurdagar ut heile juli. Det er berre å møte opp på laurdag kl 1100 (22. juli og 29. juli). Les meir om friidrett: https://skogsvaag-il.idrettenonline.no/p/61970/informasjon  

Følg med på Skogsvåg IL si facebook og heimeside for informasjon om nye aktivitetar og tilbod som startar opp til hausten. 


Takk til Vestland idrettskrets

Idrettsdagane vart støtta med midlar frå  Vestland idrettskrets. Idrettslaget takkar for bidraget.  


Lyst å vere med? Lyst å starte noko?

Skogsvåg IL er eit idrettslag som blir driven på dugnad, av lokale vaksne, foreldre, utøvarar og andre.  Om det er eit tilbod du saknar og du vil vere med å starte opp. Ta kontakt med Skogsvåg på Facebook eller til skogsvag@online.no


Dei som har bidrege med foto er: Erika Sangolt, Julie Berge, Kristina Førde, Kenneth Sangolt



4. og 5. juli er det igjen idrettsdagar på Skogsvåg stadion

Postet av Skogsvåg IL den 29. Jun 2023

Ikkje ein sumar utan.. I neste veke er det tid for aktive dagar på Skogsvåg stadion. 30 born og unge skal gjennom eit variert program med hekk, tresteg, tennis, turn og fotball. Meir info om dagane kan du lese her: https://www.deltager.no/register/idrettsdagar#/



Friidrettsgruppa held koken på konkurransefronten

Postet av Skogsvåg IL den 29. Jun 2023

Foto: Hermine Sangolt (J8) i fint svev i lengdegropa. 

Juni er ein travel månad for born og vaksne, men 9 stk frå Skogsvåg IL fann tid til å delta på Framolekene i tida før skuleslutt. 

Framolekene er eit stort årleg friidrettsstevne på Fana stadion. I år vart det arrangert samtidig som det internasjonale stevnet Trond Mohn Games, dette var ein god kombinasjon der dei yngre utøvarane fekk høve til å sjå verdseliten i aksjon. Friidrettsmiljøet er såpass lite at det vart også tid til å helse på Narve Gilje Nordås, Marcus Thomsen og Eivind Henriksen. Skogsvåg IL takkar for flott stevne og gode opplevingar. 

Foto: Erika C. Sangolt fortset utviklinga i kuleringen. Vann J11 med eit støt på 7,87m. Fine prestasjonar også i lengde (3,44m) og 60 m (10,91).

Foto: Yngre  utøvarar (Sølve Høyland, Alfred Sangolt og Sondre Høyland) frå Skogsvåg helsar på Narve Gilje Nordås, Jærbuen som er ein av få menn i verden som har sprunge under 3:30 på 1500 meter. 

Foto: Lycke Alvsaker Erichsen (J8) var med på sitt fyrste stevne - det gav meirsmak. 

Fin framgong blant dei eldste

Av våre eldste utøvere som ikkje er avbilda over må vi nevne ein del prestasjoner:

* Kine Louise Gregersen (J11) sprang 40m på 6,93 sek. Det er fyrste gong under 7 sek. Hoppa også 3,78m i lengde og 9,89m på 60m.  Alle tre prestasjonar vart belønna med bronsemedaljer.

* Allsidige Vilde Gregersen (J13) vann kulestøtkonkurransen med eit støt på 7,40 m. Ho passerte 4 meter med god margin i lengdekonkurransen (4,09m), og hadde fine løp i motvinden. 100m på 15,02 og 60m på 9,39. 

Velkomen på friidrett

Friidretten held koken med trening i enkelte veker gjennom sumaren, startar opp for fullt att i august. Alle er velkomen. Les meir her: https://skogsvaag-il.idrettenonline.no/p/61970/informasjon