Skogsvåg Idrettslag


Skogsvåg Idrettslag er lokalisert til Sund kommune og blei danna 16. mars 1980 av ildsjeler fra bygda. Laget har i dag om lag 450 medlemmer, og desse kjem frå heile Sund kommune, samt frå søre Fjell. Laget blir drive gjennom frivilleg arbeid.

I dei 37 åra som er gått, har laget opparbeida Skogsvåg stadion til eit komplett anlegg for fotball og friidrett. Kostnadane med å byggje anlegget har vore ca. 6 millioner kroner. 2% av kostnadane blei dekka av kommunen, ca 1.4 millioner blei gitt i spelemidlar, mens bygdefolket sjølv klarte å fremskaffe resten. Det blei blant anna arbeida totalt 11 211 dugnadstimar, samt tatt opp lån på 1.8 millionar kroner som ei rekkje av bygdas folk kausjonerte for. I 2002 og 2003 vart anlegget oppgradert for ca 10 millioner kr - der 4,5 mill. vart dekka av Trond Mohn.

I 2000 opna Sundhallen like ved vårt anlegg. I Sundhallen har vi idrettsskule, volleyball for både damer og herrer, seniortrim, badminton, innebandy. På stadion er det fotball og friidrett. Friidrettsgruppa har med ei gruppe for barn og ungdom, samt løpsgruppe for ungdom/voksne. I tillegg til dette har vi ei symjegruppe som held til i symjehallen på Steinsland.

I 2017 starta arbeidet med nytt klubbhus. Følg prosessen her.







Her er vi..

Kontaktinformasjon
Skogsvåg Idrettslag
Postboks 87
5371 SKOGSVÅG

E-post: skogsvag@online.no
Alle cup-henvendelser: cupskogsvaag@gmail.com

Besøkssadresse:
Skogsvåg Stadion

Finkelhølsvegen 61

5382 Skogsvåg

Bankkonto:
34704467100

Org.nr:
983806899

Klubbfargar:
Grøn og svart

Stifta:
16. mars 1980


Gamalt bildealbum finn du her



Levert av IdrettenOnline