Skogsvåg Stadion


Skogsvåg Stadion er lokalisert i Sund kommune på Sotra, vest for Bergen.

Stadion består av kunstgrasbane, ballbinge, løpebane med tartandekke, lengdehoppgrop, kulestøtsområde, stavsprangsmadrass, tennisbane og tribune.

Ballhus med kiosk og utstyrslager, og klubbhus med opphaldsrom og gardrobar er plassert like ved.

Vi har også tilgang i Sundhallen, som er ein kommunal treningshall.


Leige av kunstgrasbane

Ta kontakt med oss dersom du ønskjer treningstid på Skogsvåg Stadion eller dersom du ønskjer å bruke bana.
Bruk av kunstgrasbana på vinterstid

Når det er snø på bana må den måkast før bruk. Ein finn snømåker bak ballhuset.

Det er ikkje tillatt å bruke kunstgrasbana når den er dekka med is.
Levert av IdrettenOnline