Våre fotballcupar


Fotballgruppa i Skogsvåg IL arrangerar to cupar årleg. Planlegginga i forkant av cupane, og sjølve gjennomføringa av cuphelga er fullstendig avhengig av hjelp frå foreldre, seniorspelarar, styret og andre frivillige. Alle matvarer blir levert av Kiwi Sund senter, og vi får låne Sundhallen av Sund kommune.

Det hadde også vore vanskeleg å gjennomføre cupane utan våre sponsorar, B. Telle Trearbeid AS, Kiwi Sund senter og Sparebanken Vest.

Alle spørsmål knytta til desse cupane kan stillast til: cupskogsvaag@gmail.com

Spekkhoggarcup 25 år

3.–4. september 2016 – Skogsvåg Stadion

Skogsvåg Idrettslag har heilt sidan 1991 invitert jenter og gutar på fotballcup på Skogsvåg Stadion. Vi vil i år feire at Spekkhoggarcup fyller 25 år ved å slå litt ekstra på stortromma!

Vi har varmestove og storstillt premieutdelingsshow i Sundhallen som ligger like ved stadion. På stadion vil det vere fleire typar aktivitetar for store og små mellom kampane.

Turneringa blir i år flytta til tidlig på hausten, nærare bestemt 3.–4. september.


KLASSAR
Reine klassar: Gutar og jenter 7–12 år (Fødde mellom 2009–2004).
Mix-klasse: 6 år (fødde 2010) for nyoppretta lag.

OBS! Merk at vi opererar med årsklasse og ikkje alder. Jenter 06 er ikkje jenter 6 år, men født i 2006.


PÅMELDING
Meld laget ditt på via Profixio på nettet.

Påmeldingsfristen er 10. august.




PÅMELDINGSAVGIFT
650,-. Di påmelding er gyldig først når påmeldingsavgifta er betalt.





Visste du at...

... på 1930-talet vart det sett flokkar med spekkhoggarar i Kvalvågen (vågen nedanfor Skogsvåg Stadion)?

... det vart drive med kvalfangst (på vågekval, ikkje spekkhoggarar) i Skogsvåg fram til 1960-talet?

... folk frå Skogsvåg blir/vart kalla spekkhoggarar?

... den eldre Skogsvågar-generasjonen trur kallenavnet kom av misunnelse, fordi kvalfangst ikkje var så vanlig andre stadar i Sund? Kvalfangst var ei svært verdi full tilleggsnæring på den tida.

... Skogsvågarane synes det var greit å bli kalla spekkhoggarar? Dette var fordi spekkhoggarar vart sett på som kjemper, hurtige og intelligente.

... logoen til Skogsvåg Idrettslag er ein armbrøst, våpenet som blei brukt under kvalfangsten?



Kiwi-cup 2016.png


Påmelding 6–12 år

Påmelding ungdom

Velkomen på Kiwi-Cup 2016

Skogsvåg Idrettslag vil gjerne invitere deg og ditt lag til Kiwi-Cup 2016.
20.–21. februar og 26.–28. februar.

Kiwi-Cup er ei intim innefotballturnering som arrangerast i Sundhallen (i Sund kommune, på Sotra) kvar vinter.

Klassane vi tilbyr i år er frå minigut/minijente 7 år (født i 2009) til

lillegut/lillejente 12 år (født i 2004), og jenter 14 og 17/gutar 14 og 16 år.

Ungdomsklassane spelar innleiande runder fredag eller laurdag, og sluttspel søndag.

2009–2004:

20.–21. februar

Jenter 14 og 17/gutar 14 og 16 år:

26.–27. februar: Innleiande runder
28. februar: Sluttspel



Dei viktigaste detaljane om cupen er gjengitt nedanfor:



KAMPAR

Laget ditt spelar alle sine kampar same dag, utanom sluttspelskampar for ungdomslaga som går søndagen. Vi gjer vårt beste for å laga ei effektiv turnering utan lang ventetid mellom kampane.

Speletida er 1x18 minutt, mens sluttspelkampane er 1x25 minutt.

PÅMELDINGSFRIST

Påmeldingsfrist er 10. februar 2016.


PÅMELDINGSAVGIFT

Barn: 600,-
Ungdom: 800,-
Di påmelding er gyldig først når påmeldingsavgifta er betalt.


PUBLIKUM

Publikum er hjarteleg velkomen til å sjå på tettpakka action i Sundhallen. Entré kostar 50,- Born og ungdom under 18 år går gratis.

FAIR PLAY

Vi har fokus på Fair Play ved å ha sportsleg helsing før kamp. Ta også godt vare på dommarane våre. Det vil vera kampvertar tilstades i hallen. I barnefotballen blir alle premierte, mens i ungdomsklassane er det kun dei beste laga som stikker av med premie.

SPELARAR

Ein spelar er spilleberettiga for sin klubb etter NFFs reglement.
Ein spelar kan kun delta på eitt lag i same klasse.

ANTAL SPELARAR PÅ BANA

2009–2006: 5 spelarar + keeper.
I dei øvrige klassene er det 4 spelarar + keeper

SLUTTSPEL

Dei to beste laga i kvar gruppe går vidare til sluttspelet. Alle sluttspelkampane går føre seg søndag 28. februar. Speletid 1x25 min.

KONTAKT

Ta kontakt med cupskogsvaag@gmail.com for eventuelle spørsmål.

Hovudsponsor:

Sund Senter, Skogsvåg.