Friidrettsgjengen har starta innesesongen, vil du vera med?
Postet av Kenneth Sangolt den 2. Nov 2025

Friidrettsgruppa hadde denne helga gleden av å delta på opningsstevnet i den nye friidrettshallen til Gneist. Halloween-lekene. Fana bydel i Bergen har fått eit kjempeanlegg for innandørs friidrett. Her er nokon av våre utøvarar oppstillt i forkant av laurdagens sprint-konkurransar. Det er frå venstre; Anna Sabrina, Hermine, Alfred, Hanna, Aurora & Emilie. Ungkalvane Sander og Olav var også med på stevna.
Hallen er nettopp ferdig, og alt var ikkje på plass enno. Det var difor eit begrensa antall øvingar å delta på. Skogsvåg stilte difor med ein liten tropp denne gongen. Kulegropa mangla (men er på veg). NM i friidrett innandørs arrangeres i hallen i månadsskiftet februar/mars 2026.

Anna Sabrina og Hermine deltok på 600 meter. Det er 3 rundar rundt ein innandørs friidrettsbane (som er 200m).

Skogsvåg IL Friidrett er alltid godt representert på stevner i Bergensregionen.

Her er Sølve Høyland (til høgre) i G11-klassen i spurtoppgjer på 200-meter. Guten var hundredelen foran i mål. Det vart tida 31,78 og ny personleg rekord.

Hallen ligg "over vegen" frå Fana stadion. Fana bydel har 44 000 innbyggjarar og har her fått eit praktanlegg.

Oversiktsbilete innandørs. Skogsvåg IL gler seg til å delta på framtidige stevner i denne hallen.
Resultater frå stevnet finn du her:
Startlister / Resultater | Halloween
Friidrett - ei gåve for livet
Skogsvåg IL Friidrett trenar fast på laurdagar - heile året (utanom dei åra julafta kjem på laurdag). Friidrett er variert idrett som passar godt åleine eller i kombinasjon med lagidrettar. Det er berre å henga seg på. Heilt uforpliktande å prøva. Les meir her: Friidrett for born
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.