Øygarden backyard ultra - 22 august 2026
Bli med på det fyrste ultraløpet i Øygarden nokonsinne!
22. august 2026 kl 10.00 ynskjer vi alle velkomen til Skogsvåg stadion og verdenspremiere. 12 timers backyard ultraløp. Når klokka nærmar seg kl 22.00 på kvelden har vi kåra ein vinnar.
Bryt eigne grenser
Dette er ein perfekt dag for å springa lengre enn du nokon gang har gjort før. Kanskje slår du naboen med ein runde?
Backyard ultra er å springe ein runde på 6,7 km (4,167 miles) kvar time.
Det er heilt opp til den enkelte om ein vil springe éin, to eller alle tolv rundane.
Løypa
6,7 km-løypa startar og sluttar på Skogsvåg stadion. Du får springa "nedover" i bygda på asfalterte fortau. Bevegar du det svette hovudet ditt ser du berømte Kvalvågen Til slutt får du skogsveg, sti ned til Sangoltshopen (Hope). Deretter grusveg og tilbake opp til Skogsvåg stadion.
Kval i våg! Skogsvåg har ei rik kvalfangsthistorie. Vågen der kvalen vart fanga får du utsikt til fleire gongar om du deltek på backyard-løpet vårt.
"Ei idyllisk, men tøff løype" ifølg fleire lokalkjende løpsprofilar. Ein lokal "dataanalytikar" melder om 80% asfalt. 12% sti/skogsveg 8% grus.


Løypeprofilen på Strava: Backyard løype | 6.7 km Running Route on Strava
Backyard?
Kvar runde startar ved kvar heile time, så det gjeld å finne rett strategi. Jo raskare du spring, desto lengre pause får du mellom rundane. Da gjeld å ha ein plan for dagen. Er du rask til beins kan du nyta ein pause før neste start. Er du ein rolegare type sparar du på kreftene dine undervegs. Korleis blir ditt løp?
Dette blir eit sosialt arrangement med smil og låg terskel. Her er alle velkomne, anten du konkurrerar mot deg sjølv, nabobeistet, eller freistar å vinne heile løpet.
Merksemd og medaljar
Alle deltakarar som klarar meir enn 4 rundar får ei merksemd - halvmaraton.
Alle deltakarar som klarar meir enn 7 rundar får ei merksemd - maratondistansen.
Alle born under 13 år blir inviterter til å springa 6,7 km - 1 runde. Alle får medalje.
Tidtaking
EQ-timing. Detaljar kjem.
På løpsdagen
Det blir race brief klokka 09.30 ved race director Krister Omdal. Vi går igjennom løypa, reglar og anna praktisk info.
Fasilitetar
Kvar nye runde startar på startstreken på friidrettsdekket på Skogsvåg stadion.
Det er 4 garderobar berre 20-30 meter frå startstrek. Her er det også klubbhus der vi tilbereder varmmat utover ettermiddagen. Bileter kjem.
Næring
Det blir servert brus, brød med nugatti og syltetøy, chips, og noko varmt på kvelden. Miljø er viktig for oss, ha med egen kopp.
Ofte stilte spørsmål: E de ikkje riktig klok?
Dei fleste som trenar litt klarar å gjennomføre 6,7 km på ein time. Du gjer deg når du ikkje klarar eller gidd meir. Velkomen til sosial og lågterskel ultraløping sør på Sotra.
Kor er stadion?
Skogsvåg stadion er 1,5 km frå kommunedelsenteret Skogsskiftet, sør i Øygarden kommune.
https://maps.app.goo.gl/QWtNpV6mG2cACnPw7
Korleis kjem eg meg til stadion frå Bergen sentrum?
Bussen til Skogsskiftet går kl 08.02 / 09.02 frå Bergen busstasjon og er framme i Skogsskiftet kl 0841 / 0941. Du gjer beskjed på SMS til vertskap Kenneth Sangolt tlf 414 76 319. Vi henter deg der og kjører deg til stadion - 2 min kjøretur.
Parkering
Dersom du køyrer bil kan du parkera gratis ved idrettsanlegget vårt. Rikeleg med parkeringsalternativ like ved og 250-400 meter frå startstreken.
Meld deg på no
Påmeldingslink (forventes opna 10.-12. april 2026.)
Pris og antall plassar
Pris kr 500,- for vaksne
Ungdom/pensjonist: 300,-
Barn under 13 år: 100,-
Dette er vårt fyrste store løpsarrangement og vi ynskjer å gjennomføre med suksess og stil. Vi legger ut 150 plasser til løpet.
Arrangør og kontaktinfo
Skogsvåg IL er stolt arrangør. Breiddeidrett sidan 1980.
Krister Omdal
Race director
Kenneth Sangolt
Vertskap
Tlf: 414 76 319
kenneth.sangolt@gmail.com