Tennis på Skogsvåg stadion (og pickleball i Sundhallen)

Idrettslaget har ein fin oppmerka tennisbane i "høgdesvingen." Den er til fri bruk for idrettslagets medlemmer. Andre kan også nytte den om den er ledig.
Tennis for viderekomende (grøn ball) onsdagar kl 1800.
Vi trenar ute heile året. Tilbodet per no er for dei born og unge som har spelt litt tennis, meistrar grunnslagene og kan halde eit "rally" gåande ei lita stund. Vi spelar med grøn ball (som har mindre sprett enn gul). Det er ei treningsgruppe på 4 born 10-15 år.
Spekkhoggar open 2025
Idrettslaget arrangerte si fyrste tennisturnering i oktober 2025. Spekkhoggar open.
Pickleball
Pickleball er ein ny racketsport som spelast inne i Sundhallen. Lette baller, lette racketer, lett å lære. Vi spelar i kl 1830 - 2000 på fredagar i Sundhallen. Alle er velkomen uansett nivå. Vaksne og born trenar i lag, men vi deler opp slik at det er jamnt nivå. Borna som deltek er frå 8 år og oppover. Dei vaksne er frå 30 år og til nesten 70 år.
Tennis for nybegynnere under planlegging.
Idrettslaget har lang tradisjon med å arrangere sumaridrettsveker. Både i 2021 og 2022 var tennis den mest populære aktiviteten blant borna. Sidan nærmaste tennistilbod er i Bergen vest, minimum 90 minutt køyring unna i rushen - 1 veg (!), er eit lokalt tennistilbod for dei yngre både behov for og etterspurt Ynskjer du å bidra til, eller å delta på eit slikt tilbod, ta gjerne kontakt med Kenneth Sangolt (tlf 414 76 319) i i Skogsvåg IL.