Viktig info til alle med barn i SIL
Innmelding
Kontingenten i Skogsvåg Idrettslag består av ein generell medlemskontingent, samt ei treningskontingent for dei gruppene du er med i. Medlemskontingenten betalast av alle, uavhengig om du er aktiv eller ikkje-aktiv medlem. Du betaler kun éin medlemskontingent sjølv om du er medlem i fleire grupper.
Har personen spelt i ein annan klubb tidlegare, er det også viktig at eit samtykkeskjema for elektronisk overgang fyllast ut. Dette gjeld for spelarar over 11 år. Trenaren eller foreldrekontakten skal hjelpe til med dette. Ferdig utfylte skjema skal leverast på kontoret i klubbhuset. Spelarane kan ikkje spele for Skogsvåg IL før dei er registrerte/før overgangen er ferdig behandla, blant anna grunna forsikring.
Trenarar/foreldrekontakt
Medlemskontingent
Dugnader
Til foreldre og foresatte
· Møt opp på kamp og støtt laget
· Gi beskjed til trenar dersom barnet ditt ikkje kan møte på trening eller kamp. All kontaktinfo finn du her
Som spelar i Skogsvåg IL får du...
· Låne drakt og shorts. Desse må leverast inn når trenar ber om dette
· Delta i eit fantastisk fellesskap
Utstyr
Dei fleste av laga våre har eigne overtrekksdressar (gensar og bukse). Desse er blitt sponsa av ulike bedrifter. Det er foreldra som skaffar sponsorar til desse. Dersom du veit om nokon som ønskjer å sponse laget, ta kontakt med oss. Les meir om dette her.Ein kan kjøpe gensar, bukse, t-skjorte eller coach-jakke på eiga hand gjennom vår klubbshop. Torshov Sport. Alle medlemer får rabatt hos Torshov Sport.