Spekkhoggarsommar på Skogsvåg stadion 2026
Postet av Kenneth Sangolt den 10. jul 2026

Dei årlege idrettsdagane på Skogsvåg stadion og Sundhallen er over. I finavéret på fredag avslutta vi det heile med vikinghjelm, tromme, supportarrop og varme tankar til kongehus, fedreland og fotball-landslag.
Idrettsveka i 2026 er arrangert i samarbeid med Øygarden kommune. Sundhallen opnast på sommarstid slik at vi kan bruke den til idrett. Veka er støtta av Gjensidigestiftelsen. Støtta gjer at det er høve til å tilby fyrsteklasses ungdommar som instruktørar, varm mat og eit heilskapleg opplegg til over 70 barn, utan at ein må ta billettpengar.

Under ser du bileter frå dagane:

Turninstruktør Maria med kyndig oppsyn av ein av sine elevar.

Klara avsluttar tresteg-hoppet sitt.

Dodgeball er ein ganske teit, men morosam film frå tidleg 00-tal. Den norske varianten heiter "Kanonball."

Hekkehøgde på 76 cm er intet problem for Ethan.

Borna vart eksponert for ganske tøff crossfit- og hyrox-aktig trening. Besteforeldre kjenner det best som sirkeltrening.

Instruktørkorpset fint oppstilt med Hødnet i det fjerne. Frå venstre: Ingrid, Ida, Michelle, Amalie, Maria, Amanda, Thea, Mathilde, Kjersti, Johnny og Michael.

Varm mat kvar dag. På fredag var det burger på menyen. Kjøkkensjef Irene hadde full kontroll.
Friidrett, racketsport og turn i Skogsvåg
I august startar klubben opp igjen med friidrett, tennis og andre sportar i tillegg til fotball. Vi prøver også å starte ei turngruppe. Følg med følg med.
Info tennis: Informasjon
Info friidrett: Friidrett for born
Turn: kjem.
Logg inn for å skrive en kommentar.