Tennis på Skogsvåg stadion

Idrettslaget har ein fin oppmerka tennisbane i "høgdesvingen." Den er til fri bruk for idrettslagets medlemmer. Andre kan også nytte den om den er ledig. 

Sosial tennis for vaksne starta opp i 2022

Kvar tysdag kl 1900 i heile sumar har det samla seg vaksne (16 år +) for sosial tennis på Skogsvåg stadion. Tennisbanen bak målet har vore i flittig bruk. Dette er eit uformelt tiltak der alle kan kome, uavhengig av nivå. Racketer og baller har vi til utlån. Det har vore 10-12 ulike vaksne innom i sumar. 4 til 6 per gong. Har du lyst, sleng deg på. Ingen påmelding krevs. Alle er velkomen. Tilbodet fortset ute så lenge det er nokolunde vær. Minimum ut september månad. 

Tennis for born og unge 6 - 16 år under planlegging

Idrettslaget har lang tradisjon med å arrangere sumaridrettsveker. Både i 2021 og 2022 var tennis den mest populære aktiviteten blant borna.  Sidan nærmaste tennistilbod er i Bergen vest, minimum 90 minutt køyring unna i rushen - 1 veg (!), er eit lokalt tennistilbod for dei yngre under planlegging. Ynskjer du å bidra til, eller å delta på eit slikt tilbod, ta gjerne kontakt med Kenneth Sangolt (tlf 414 76 319) i friidrettsgruppa i Skogsvåg IL.