Kiosk

Kiosken på bana er ei svært god inntektskjelde for klubben. Ha open kiosk på alle heimekampar, både i barne-, ungdom-, og seniorfotballen uavhengig av kor mange tilskodarar det er.

Instruks:
  • Foreldrekontakten setter opp kiosklister
  • Møt minst ein halvtime før kampstart for å klargjere kiosken
  • Dersom du er satt opp på en vakt som ikkje passar, må du sjølv bytte internt.
  • Lag vaflar/kaffi, og varm om lag 10-20 hot-dog avhengig av kor mange tilskodarar det er
  • Alt ligger i kiosken - prisar også
  • Dersom det ikkje kjem nokon som overtar, må kiosken stengast, reingjerast. Husk å tøm boss-spanna
Ta kontakt med kioskansvarlig Helene Vorland-Omdal, ved spørsmål