Innendørssesongen i friidrett er i gong

Postet av Kenneth Sangolt den 22. Jan 2023

Utøvarar frå Skogsvåg hadde ei kjekk helg under sesongopning for innendørs konkurransesong. Under Nornalekene i Leikvanghallen fekk nokon av dei yngste helsa på ein VM-sølvvinnar også. Frå venstre; Sølve, Pål Haugen Lillefosse, Alfred og Sondre. 

Nornalekene er eit av dei største innendørs friidrettstemna i Noreg, og er ein fast post på programmet for friidrettsgruppa til Skogsvåg IL. Denne helga stilte vi med 11 utøvarar. Dei fleste rekruttar (under 11 år) der det er leik og meistring som står i fokus. Her var det mange gode prestasjonar og det var kjekt å få vist fram i konkurranse, alt ein trenar på. 

Framgong og øvst på premiepallen

For dei litt eldre er det også ein smule alvor med rangerte lister og premier til dei 3 fyrste. Her fekk både Esra (kulestøt J13 7.70m), Kine (lengde J11 3.58m) og Erika (kulestøt J13 - 6.59m) ta turen øvst på premiepallen. Vilde i J13 viste at treningsarbeidet gjer frukter, ho fekk til livets fyrste hopp over 4 meter denne helga. 4.01 m vart 6. plass. Høgdetalentet Oda i J15 vart diverre skada på siste trening før stemnet, men vi vonar vi ser ho snart att i konkurranse. Sambygding Thomas-Iversen Skoge traff vi også på stemnet, ungdommen vann 800-meter.

Les meir om stevnet og fullstendige resultater her: https://nornalekene.no/resultater/ 

Vi har plass til fleire

Alle er velkomen på friidrettstrening i Skogsvåg IL. Prøv deg gjerne. Om vinteren trenar vi laurdager i Sundhallen. Les meir: https://skogsvaag-il.idrettenonline.no/p/61970/informasjon 

Utvalde bileter frå Nornalekene

Johannes (G10) i lengdegropa. Imponerte også på 200m og 60m denne helga. 


Erika (J11) vann  kulestøt med eit støt på 6.59 M. Syster Hermine (J8) med kjappe bein i rekruttklassen. 


Esra (J13) vann kulestøt med eit støt på 7.70 m. 

Han konkurrerar for Gular, men er eit kjend fjes på tartandekket på Skogsvåg stadion. Thomas Iversen-Skoge vann seniorklassen på 800m med eit løp på 1:59.80. 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.