Fin framgang for friidrettsutøverene til Skogsvåg IL

Postet av Kenneth Sangolt den 17. Sep 2022

Foto: Vilde Gregersen nærmar seg 4-meters grensa i lengdegropa. Kneip bronsemedaljen i ein tett konkurranse med 3,89 i sistehoppet. 


Bergenslekene er eit av dei større friidrettsstevnene på Vestlandet. Skogsvåg IL stilte med 14 utøvere forrige helg. Utøverene våre, som er i alderen 6 til 14 år, fortsatte sin framgang denne hausten, mange fekk også nye personlege rekordar denne gongen. Dette til tross for ein del motvind i hopp og løpsøvingar. Bergenslekene er eit kjekt arrangement med proffe arrangørar. Det arrangeres på Leikvang stadion som er eit komplett friidrettsstadion i Åsane, like ved Bergen travpark. 


Årsbeste også for eldre ungdommar frå Øygarden

Den lokale ungdommen Thomas Iversen-Skoge konkurrerar for Gular, men har øktene sine på Skogsvåg stadion. Han konkurrerte i 600m og sprang inn til ny personleg rekord 1,24,96. Andrea Thorsheim bur i Øygarden, konkurrerar for FIL AKS 77, men har også brukt Skogsvåg stadion flittig i sumar, ho hoppa inn til nytt årsbeste i lengde med 5,57m. Både Iversen-Skoge og Thorsheim er blant Norges beste juniorar. Begge deltok i junior NM i Bærum tidlegare i sumar. 


Spurtoppgjer og duellar mot naboklubben

Kjekt å også sjå at Nordre Fjell friidrett deltok med mange utøvere i stemnet. 


Foto: Mathilde Asphaug og Jennie Zhi Dalseide deltok i spyd. Teknikken forbetrast frå veke til veke, Mathilde nærmar seg 30m-grensa. 


Foto: Oda Amalie Erstad satt ny personleg beste med 1,37 i høgde. Var ikkje langt unna å passere neste høgde 1,42. 

Foto: Medaljar til alle våre yngste.

Foto: Kine, Erika og Ariana i J10-klassen. Nye fine prestasjonar denne helga i sprint og lengde. 

Foto: Oscar glad og nøgd etter gode lengdehopp i G9-klassen. Oscar og Liam (ikkje avbilda) var våre representantar på sprint og lengde blant gutar fødd i 2013. 

Foto: Hermine i J7 deltok i lengde og 40m sprint. 

Foto: Sølve i G8 førebur landing i sanden. 

Foto: Alfred (G8) har letta.

Foto: Sondre (G6) med fin høgde på lengdehoppet sitt. 

Foto: Skogsvåg IL si friidrettsgruppe trenar jamnt og trutt året rundt, og deltek i dei største stemnene i Bergens-regionen. 3-4 om sumaren og 1-2 om vinteren. Vi er cirka 20 utøvere, og har plass til fleire. Bli gjerne med. 

 

Resultater for våre eldste utøvere

60 m

Vilde Gregersen (J12) - 9,27 (Personleg rekord)


80m 

Vilde Gregersen (J12) - 12,32 (Personleg rekord)

Esra Eltigani (J12) - 14,17


600m

Vilde Gregersen (J12) - 2.07.02 (Personleg rekord)


1500m

Betina Eide (J14) - 5.44.97 (Debut på distansen)


Høgde

Oda Amalie Erstad (J14) - 1,37 (Personleg rekord)

Vilde Gregersen (J12) - 1,18 (Personleg rekord)


Lengde

Oda Amalie Erstad (J14) - 3,30

Vilde Gregersen (J12) - 3,89 (Personleg rekord)

Esra Eltigani (J12) - 2,78 (Personleg rekord)


Kule (3 kg)

Oda Amalie Erstad (6,29) - (Debut med 3-kilos kule)


Spyd (500 gr)

Mathilde Asphaug (J17) - 26,95m (Personleg rekord)


Spyd (600 gr)

Jennie Zhi Dalseide (J18) - 18,26 (Debut)


Komplette resultatlister frå Bergenslekene finn du her: https://bergenslekene.no/?page_id=32



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.