Friidretten er i gang med utesesongen
Postet av Kenneth Sangolt den 15. Mai 2025
Friidretten har ein kort utesesong der det er stevner i månadane mai, juni, august og september. Friidretten trenar jamnt og trutt, og har konkurrert inne i Leikvanghallen i januar og februar. Vi var glade for å kunne ta turen til Fana stadion i strålande maisol helga 9-11 mai. Dette var ei stor konfirmasjonshelg, men likevel fann vi plass til å delta med 11 deltakarar.
Friidretten takkar laget elles og spesielt anleggsgruppa for fine treningsforhold på banen. Både høgdemadrass, kulegrop og lengdegrop gjer gode forhold for å trena og ha det kjekt.
Foto: 10-åringane Emilie, Hermine og Hanna er treningsvillige of stolte av å representere Skogsvåg IL på stevne.
Under er nærmare om resultatene frå helga.
J17
Oda Amalie Erstad gjer ein ny god høgdehoppkonkurranse. Denne gongen vart det 1,50 meter og andreplass i klassen sin.
J13
Erika Cassandra Sangolt støytte de 2-kg tunge kula i jenteklassen heile 10,55m ute på Fana Stadion. Det er nest lengst blant 13-åringer utandørs i Noreg i år, og ikkje langt bak sin personlege rekord på 10,87m. 1. plass i klassen.
Foto: Erika er ein av Noreg sine beste kulestøtarar i sin klasse.
G12
Oscar Fjell Hagen støytte den 3 kg tunge kula 6,49 meter denne gangen. Ny personleg rekord og fin framgang. 2. plass i klassen
Foto: Oscar og syster si Kristina.
G11
Sølve Høyland deltok på liten ball denne gangen. Den 150 gram tunge ballen fekk han kasta 31,83 meter og 3. plass i klassen.
Alfred Sangolt deltok på 600m og noterte seg ny personleg rekord med 2,21,92. 9. plass i klassen.
Foto: Alfred (t.h) på Fana stadion. 600 meter er 1,5 runde i full fart rundt banen.
Yngre utøvere
J10-jentene våre Anna Sabrina Mickevice, Emilie Kristiansen, Hanna Diehr, Hermine Linnea Sangolt hadde ei lang konkurransehelg med sprint, hekk, høgde, lengde, liten ball mfl. Dei har trent jamnt og trutt i heile vinter og vår, og det visast med nye personlege rekordar i fleire øvingar.
Foto: Våre jenter fødd i 2015 (J10) trenar heile året og forbetrar seg stadig.
Noel Matheo Gangsøy (G10) er ny utøvar i Skogsvåg. Han hadde ein kjekk debut med hekk, sprint, lengde og liten ball denne helga. Naturlegvis personleg rekord i alle øvingar. Vi ynskjer Noel velomen til laget.
Oleksandra Bielik (J9) sprang sin raskaste 40 meter nokonsinne på stevnet, men medvind for sterk til at det blir ståande som rekord.
Kristina Fjell Hagen (J8) med nye fine prestasjonar på lengde, liten ball og 40m sprint.
Delta?
Det er plass til fleire i friidretten og vi har eit inkluderande og seriøst miljø der vi heiar på kvarandre. I Skogsvåg er det barnehagefriidrett frå cirka 2 års alder og oppover til veteran. Ta kontakt med Kenneth eller Kristina for å bli med.
Pris er kr 500 per år.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.