Full fart på Framolekene
Postet av Kenneth Sangolt den 9. Jun 2025
Friidretten i Skogsvåg deltok på eit av Noreg sine største fridrettstevner. Norna Salhus arrangerer Framolekene i månadsskiftet mai/juni.
Resultater blant våre eldste (11 år og oppover)
Av våre eldste utøvarar viste Mads Hagenes (12 år) mellomdistanseform, og fullførte 600m på 1;58;13. Det er (truleg) fyrste gong under 2-min grensa. 4. plass i sterk klasse. Hagenes gjennomførte også ein sterk 60 meter. 9,31 sekund og 2. plass. Han nærmar seg 4 meter i lengde. 3,86 meter vart det denne gongen. Johannes G Tellnes (også 12 år) deltok på lengde denne gongen, 3,46 meter noterte han seg for i sanden. Like gamle Oscar Fjell Hagen støytte 3-kilos kula 6,48 meter på stevnet og vart belønna med 3. plass i sin klasse.
Erika Cassandra Sangolt (j13) deltok på diskos i dette stevnet. 25,62 meter fekk ho den 600 gram tunge diskosen avgårde på graset. Det haldt til 1. plass i stevnet og er nest lengst i Noreg blant jenter i hennar alderskasse hittil i år. Kine Louise Gregersen (j13) er lengde-spesialist og hoppa heile 4,34 meter på dette stevnet. Det vart 5. plass i ein svært sterk jenteklasse. 16 cm bak pallen. På 60 meter vart det ny rekord - 9,08.
Yngre utøverer
Vi stiller sterkt i dei yngre klassane, gutane Sølve Høyland (g11), Sondre Høyland (g9), Alfred Sangolt (g11) deltok på ein rekke øvingar. Det same gjorde dei 10-år gamle jentene Emilie Kristiansen, Hermine Sangolt, Anna Sabrina Mickevice og Hanna Diehr. Her er det hekk, kule, lengde, høgde og det meste som er mogleg å delta på. Allsidige og konkurranseivrige.
Foto: Konkurranseglade 10-åringar. Emilie Kristiansen, Hermine Sangolt, Hanna Diehr, Anna Sabrina Mickevice.
Bli med?
Friidretten trenar torsdagar og laurdagar. Vi har plass til fleire. Bli gjerne med. Les meir her:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.