Rekordstor idrettsveke i sjeldan fint julivær

Postet av Kenneth Sangolt den 14. Jul 2025

Over 70 barneskuleborn deltok på idrettsveka på Skogsvåg stadion i førre veke. Her fekk dei prøva ulike idretter som pickleball, tennis, turn, korthekk, sprint, combat-fitness, kulestøt, høgdehopp med meir. 4 ulike idrettar kvar dag.

Samarbeid privat, stat og kommune

Veka blir arrangert av Skogsvåg IL på idrettslaget sitt private anlegg i Skogsvåg. Veka arrangeres i samarbeid med Bufdir og Øygarden kommune. Bufdir finansierar veka. Øygarden kommune lånar ut Sundhallen gratis. Borna som deltok var hovudsakleg frå søre delen av kommunen, men det var også deltakarar frå gamle Fjell og lenger nord i kommunen. 

Deltakarane får eit variert aktivitetsopplegg. Lunsj blir servert kvar dag. I år var det brødmat på dag 1, ostesmørbrød på dag 2, pylser og hamburgar på dag 3. 

Tilbodet er for alle, og påmeldingspris var kr 150,- for veka.

Det blir idrettsveka også i 2026

Det blir jobba for å gjenta veka til neste år også. Datoar og påmelding opnar cirka i mai 2026. 

 







Kommentarer

  • Oscar Fjell Hagen

    Tre nydelige dager på banen! Oscar og Kristina storkoste seg! Tusen takk til alle som arrangerte! Vi gleder oss til neste år:)

    14 juli 2025

Logg inn for å skrive en kommentar.