Friidretten er i gang med å konkurrera utandørs
Postet av Kenneth Sangolt den 15. Mai 2026

Skogsvåg IL sine aktive born og unge deltok på Fanalekene på Fana stadion førre helg. Dette er starten på utsesesongen for dei spreke ungdommane. Det var flust av personlege rekordar. Det hjelper både å vekse og bli større, og trene godt. På dette stevnet noterer vi oss at alle meistrer startblokk-start, og at det er eit gryande høgdehopp-miljø i Skogsvågen. Bileter og meir info frå stevne nedover.
Friidrett som del av eit aktivt borne- og ungdomsliv
Utøvarane har trent jamnt og trutt 1-til-2 gongar i veka gjennom heile vinteren. Det meste av trening har vore inne i Sundhallen, det er difor godt å koma ut og både trene og konkurrere på tartandekke. Dei fleste borna som driv med friidrett i Skogsvåg IL har også andre aktivitetar dei driv med. Friidrett kan lett kombinerast med fotball, kunstløp, handball, teatersport og andre aktivitetar. Vi trenar lørdagar kl 1100. Det kostar kr 500 per år å delta på friidrett i Skogsvåg. Gratis/ingen ekstra kostnad om du allereie er medlem i f eks fotball i Skogsvåg. Alle er velkomen til å vere med.
Neste store konkurranse
Framolekene i starten av juni. Her arrangeres også kretsmeisterskap for Hordaland friidrettskrets.
Bileter frå stevnet

Vi deltok med 3 stk i høgdehopp for J11, og når konkurransen var over så bekledde dei både gull, sylv og bronse-plassen. Hanna, Anna Sabrina og Hermine sender sine varme takk til høgdespesialist-trenar Oda.

Guten til venstre i biletet er Sølve Høyland som er 12 år. Han vant heile G12-klassen på 200 meter. Til høgre ser vi ein annan utøvar frå bygda, Alfred Sangolt.

Oleksandra Bielik (til venstre) deltok på sprint. Emilie S. Kristiansen aktiv på både kast, lengde og sprintøvingar.

Litt surt vær denne helga, så deler av det tekniske programmet var inne i Høiehallen. Fjellhall like ved Fana stadion.

Dette er Høiehallen. Her er lista komen godt over 120 cm i høgdehopp-konkurransen for 11 år gamle jenter, det er berre 3 Skogsvågutøvarar igjen i konkurransen.
Alle Skogsvåg-resultater
J-8
Kristina Hagen - Lengde - Plass — - 2,16
Kristina Hagen - 40 m - Plass — - 8,88
J-10
Oleksandra Bielik - 200 m - Plass — - 37,92
Oleksandra Bielik - 80 m - Plass — - 14,15
J-11
Anna Sabrina Mickevice - 60 m - Plass 3 - 9,76
Anna Sabrina Mickevice - 60 m hekk - Plass 3 - 13,88
Anna Sabrina Mickevice - 80 m - Plass 2 - 12,55
Anna Sabrina Mickevice - 200 m - Plass 5 - 34,31
Anna Sabrina Mickevice - 600 m - Plass 5 - 2.29,63
Anna Sabrina Mickevice - Lengde - Plass 2 - 3,86
Anna Sabrina Mickevice - Kule - Plass 4 - 5,21
Anna Sabrina Mickevice - Høyde - Plass 2 - 1,24
Anna Sabrina Mickevice - Liten Ball - Plass 3 - 19,99
Hanna Diehr - 80 m - Plass 1 - 12,29
Hanna Diehr - 200 m - Plass 2 - 32,46
Hanna Diehr - Lengde - Plass 1 - 4,20
Hanna Diehr - Høyde - Plass 1 - 1,24
Hanna Diehr - Liten Ball - Plass 2 - 23,06
Emilie Skjøtt Kristiansen - 80 m - Plass 4 - 14,39
Emilie Skjøtt Kristiansen - Lengde - Plass 4 - 3,39
Emilie Skjøtt Kristiansen - Kule - Plass 5 - 5,06
Emilie Skjøtt Kristiansen - Liten Ball - Plass 4 - 17,81
Hermine Linnea Sangolt - Lengde - Plass 5 - 3,27
Hermine Linnea Sangolt - Kule - Plass 2 - 7,02
Hermine Linnea Sangolt - Høyde - Plass 3 - 1,21
Hermine Linnea Sangolt - Liten Ball - Plass 1 - 26,44
J-14
Erika Cassandra Sangolt - Kule - Plass 2 - 9,10
G-12
Sølve Høyland - 200 m - Plass 1 - 28,34
Sølve Høyland - Kule - Plass 1 - 8,67
Alfred Sangolt - 200 m - Plass 4 - 35,70
Alfred Sangolt - Kule - Plass 6 - 5,13
G-13
Oscar Fjell Hagen - Kule - Plass 4 - 7,52
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.