Friidrett- og turntilbod haust og vinter 2026/2027
Postet av Kenneth Sangolt den 2. sep 2026
Hei alle saman, takk for innsats og deltaking på Øygarden backyard ultra i august. Her kjem info om friidrett- og turntilbod frå september 2026 og utover.
Barnehageborn startar friidretts-sesongen på laurdag kl 1000
Barnehagefriidrett om laurdagar kl 1000 har sesongstart 05.09.2026. Inne i Sundhallen. Det blir kvar 2. laurdag fram til jul. Velkomen alle saman. Som alt anna i idrettslaget er barnehagefriidrett foreldredriven aktivitet. Vi brukar appen Spond til å fordele oppgåver, opplyse om endringar etc. Spondkode er GIKCU.
Friidrett for skulealder og oppover kl 1100
Friidrett for barneskulealder, unge, og unge vaksne trenar laurdagar kl 1100. Startar i Sundhallen med oppvarming og går deretter ut på stadion så lenge det er OK vær. Var omlag 35 stk førre lørdag. Alle er velkomen. Dei mest ivrige har også ei fysisk treningsøkt (Hyrox eller sirkeltrening) på ein vekedag. Dette er førebels torsdag 1830, men vil endrast når treningstider i hallen er klare. Foreldre kan også vere med på denne treninga. Vi har inngått samarbeid med Øygarden IL og ivrige kan også trene onsdagar på Ågotnes stadion. Spondkode er GIKCU.
Nyhet: Turn
Friidretten har også starta eit turnparti for 1. og 2. klasses som ei prøveordning fram til jul. Tilbodet om turntrening gjekk ut til medlemmer i Skogsvåg IL Friidrett med barn i den aktuelle årsklasse, i august. Dette partiet vart svært raskt fullteikna, men vi ynskjer å utvide etter jul slik at fleire kan få delta. For å vere på venteliste er gruppekode på Spond DSNHY.
Pris
All aktivitet i friidrettsgruppa er gratis så lenge du har betalt medlemsavgift i Skogsvåg IL. Medlemsavgift er kr 500,- per år. Årsaken til dette er at alt er frivillig (dugnad) driven, samt tilskot og inntekter frå arrangement som ultraløpet.
"Vera med å bidra for fleire enn dine eigne"
Sitatet over er frå Bjarne Nygård. Han var drivkraft for å starta friidrettstilbod i Skogsvåg.
Som dykk ser så er det mykje aktivitet og over 100 barn og unge i sving. Dette er svært gledeleg for idrettslaget, bygda, og framtida. Friidrett og turn passar svært godt saman med fotball og anna lagidrett.
Vi treng hjelp frå fleire vaksne som vil vera med å hjelpa. Høgast på ynskjelista er ein far, bestefar eller mor som ynskjer å bidra med å leda aktivitet eller vera medhjelpar. Det er per no størst behov blant dei yngste årsklassane.
Sportsleg helsing frå
Kenneth Sangolt & Kristina Førde
Foreldre og trenarar
Vil du bidra, ta kontakt:
Tlf 414 76 319
kenneth.sangolt@gmail.com
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Kenneth Sangolt
Spekkhoggarsommar på Skogsvåg stadion 2026
10.07.2026
Spekkhoggarsommar 2026
09.06.2026